Hopp til innhold

Forskar vil ha pilegrimsvandring på resept

– Folk som går pilegrimsvandringar har store helsegevinstar, meiner forskar. For Lene Dieserud endra livet seg for alltid.

Pilegrimsvandring på leia mellom Oslo og Trondheim.

Lene Dieserud har gått fleire lange pilegrimsvandringar. Det har gitt ho sterke opplevingar.

Foto: Lene Dieserud / Privat

I hundrevis av år har folk over heile verda lagt ut på religiøse pilegrimsvandringar.

For Lene Dieserud starta det med ein tilfeldig invitasjon. Då hadde ho inga gudstru og ingen religiøs motivasjon for å legge ut på dei fleire veker lange gåturane.

Men noko endra seg på vegen.

Etter nærare fire vekers vandring frå Oslo mot Trondheim skjedde det noko som forandra ho.

– Eg kom oppunder Dovrefjell og fekk ei heilt spesiell oppleving som eg kjende fysisk på kroppen og som eg opplevde som veldig eksistensiell. Det var noko eg aldri har kjent før. Eg forstod, og er no heilt viss på, kvifor vi er skapt til å bli født og skapt til å døy.

Det finnst 2361 kilometer opparbeida turvegar som utgjer pilegrimsleiene i Norge. Alle endar opp ved Nidarosdomen.

Ei kvil i bakken på pilegrimsvandring mot Nidarosdomen. Det finst 2361 kilometer opparbeida turvegar som utgjer pilegrimsleiene i Noreg. Dei fleste endar opp ved Nidarosdomen

Foto: Lene Dieserud / Privat

Betre fysisk helse og mental ro

Forskar Nanna Natalia Jørgensen har intervjua Dieserud og rundt 50 andre både norske og internasjonale pilegrimar som har gått den gamle St. Olavsleia mellom Oslo og Trondheim.

I si forsking slår ho fast at lange pilegrimsvandringar ute i naturen og som skjer i ein sosial kontekst, betrar helsa til folk, også hos dei som ikkje har ei gudstru.

Jørgensen seier deltakarane fortel at dei mellom anna opplevde ei større mental ro, andeleg velvære, emosjonell styrke, jamnare humør, sosialt samhald og forsterka sanseinntrykk – i tillegg til generell betring i den fysiske helsa.

– Det blei rapportert om mindre psykosomatiske plager, betre blodtrykk, betre fordøyelse og søvn. Når du går styrkar du også muskelgrupper slik at for eksempel ryggplager kan bli betre.

Jørgensen er opptatt av at pilegrimsvandringar har terapeutiske effektar

Nanna Natalia Jørgensen har disputert ved Høgskolen i Volda og forska på helseeffektene ved pilegrimsvandring.

Nanna Natalia Jørgensen har forska på helse-effektane ved pilegrimsvandringar.

Foto: Karl August Swanstrøm / Høgskolen i Volda

Vil ha vandring som behandling

Ho meiner at å vandre på ei pilegrimslei der hundretusenvis av menneske gjennom historia har vandra før ein, gir ein ekstra og litt mystisk dimensjon, samanlikna med ein vanleg skogstur.

Vi lever i ei stillesittande multimedial verd kor vi er mindre fysisk aktive og sosiale, og på mange måtar framandgjort frå naturen, der menneske blir bombardert med inntrykk frå ulike skjermar. Då kan ei pilegrimsvandring gjere godt for å roe ned sansane, og å vere i andeleg kontakt med seg sjølv og omgjevnadene, seier Jørgensen.

Det er ikkje utan grunn at den kjende pilegrimsvegen Camino de Santiago de Compostela i Spania blir kalla terapivegen på folkemunne, legg ho til.

Jørgensen håper no at det norske helsevesenet kan vurdere å ta i bruk pilegrimsvandring i behandling og rehabilitering.

Ei solfylt dag på pilegrimsleia mellom Oslo og Trondheim. Lene Dieserud har hatt store opplevingar på sine pilegrimsvandringar.

Ein solfylt dag på pilegrimsleia som går mot Trondheim. Det finst 2361 kilometer opparbeida turvegar som utgjer pilegrimsleiene i Noreg. I tillegg kjem Kystleia på 1080 kilometer.

Foto: Lene Dieserud / Privat

– Pilegrimsvandring er ikkje for alle

Anders Skuterud er psykologspesialist.

Psykologspesialist Anders Skuterud.

Foto: Psykologforeningen

Psykologspesialist Anders Skuterud er ikkje avvisande til Jørgensen sine funn.

Det er god grunn til å tru at dette stemmer, seier han.

Men sidan dette er ei kvalitativ undersøking meiner Skuterud at det er usikkert i kva grad ein kan overføre funna til alle grupper i samfunnet.

Det er grunn til å tru at de som vel å gå pilegrimsvandringar er ei utvald gruppe, seier han.

Psykologspesialisten kan vanskeleg sjå føre seg at pilegrimsvandringar skal vere ein del av ei pålagt behandling, finansiert av det offentlege helsevesenet.

– Sjølv om det er naturleg at helsevesenet fremjar tiltak som betrar folkehelsa, så er det vanskeleg å finne grunnlag for at styresmaktene skal løfte fram pilegrimsvandringar framfor til dømes turistforeininga sine fjellturar eller skiforeininga sine aktivitetar, seier han.

Men Skuterud er overtydd om at pilegrimsvandringar vil virke positivt på fysisk og mental helse og kan bidra til andeleg utvikling.

Så det er lett å heie på slik aktivitet frå eitt psykologfagleg standpunkt. Eg vil gjerne oppmode alle som trur at dei kan ha glede av å gå pilegrimsturar til å gjere det, men det må nok ligge innanfor den enkelte sitt val.

Vanskeleg å setje ord på opplevinga

Lene Dieserud

Lene Diserud har gått mange pilegrimsvandringar og kan fortelje om sterke opplevingar. Ho har deltatt i forskinga til Jørgensen.

Foto: Lene Dieserud / privat

Den livsendrande opplevinga til Lene Dieserud på vandring mellom Oslo og Trondheim er vanskeleg for å ho å forklare meir konkret.

Vi manglar eigentleg ord i det norske språket til å skildre kva eg gjekk gjennom.

Men ho er klar på at den opplevinga ho hadde ved Dovrefjell har endra livet hennar.

Ho fortel at ho no er mindre redd for endringar, ho stoler på at ting løyser seg og er tryggare på å ta store skritt i livet sitt.

– Eg brukar å seie at eg har gått meg til tru.

Her er Lene Dieserud på pilegrimsvandrling og tar seg ein pause ved St. Petri kirke på Hadeland, på St. Olavsleden på veg mot Trondheim.

Her er Lene Dieserud på pilegrimsvandrling og tar seg ein pause ved St. Petri kirke på Hadeland, på St. Olavsleden på veg mot Trondheim.

Foto: Privat / Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL