Hopp til innhold

Kvinne blei berga i land frå stri elv i Geiranger

Ei kvinne i 20-åra fall i elva i Geiranger. Ho blei nedkjølt og blei send til sjukehus i Ålesund

Fossevandring i Geiranger

ILLUSTRASJONSBILDE: Ein person har falle i elva i Geiranger.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Laster Twitter-innhold

Politiet opplyser at kvinna kom seg på land etter kort tid.

– Ho har forklart at ho fall i elva ved eit uhell. Ho fulgte elva eit stykke nedover og klarte først ikkje å kome seg inn til elvebreidda, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre til NRK.

Etter kvart blei imidlertid forholda slik at det var mogleg for henne å kome seg inn til kanten av elva.

– Der var det fleire folk til stades som hjelpte henne opp, seier Sætre. Ho var vaken og medviten, men nedkjølt. Ho blei med ambulansehelikopteret til sjukehuset i Ålesund, seier Sætre.

Laster Twitter-innhold
Flåbrua