Hopp til innhold

Pensjonist tok ansvar då gnistane fauk frå høgspentmast

Om lag 40 husstandar i Geiranger utan straum på lillejulaftan.

Geiranger sett frå Flydalsjuvet

Frå arkivet: Geiranger sett frå Flydalsjuvet.

Foto: Adrian Dyrhaug Grande

Terje Årdal, nettsjef i Stranda Energi, fortel at dei fekk hjelp frå ein snarrådig pensjonist tysdag føremiddag. Han skal ha sett at det fauk gnistar frå ei høgspentmast, og kopla difor ut straumen til 40 husstandar i Geiranger.

– Det er utkopla med vilje, slik at feilen ikkje skulle bli enda verre. Det er no reparatørar på veg frå Stranda for å fikse høgspentmasta, seier Årdal.

Straumen vil vere tilbake mellom klokka 13 og 14 tysdag ettermiddag, ifølgje Årdal, og alle sikrar difor ribbemiddagen i morgon.

Nettsjefen fortel også at kraftselskapet planlegg å bygge ny linje der i løpet av 2015. Linja som er der no er ikkje gammal, men det er lang veg frå Stranda til Geiranger, og difor lang utrykkingstid for reparatørane.

– Vi vil oppgradere linja slik at den er sikrare, seier han.