Hopp til innhold

Pass på lommeboka!

Lommetjuvar herjar i Ålesund.

Lommetyv

Illustrasjon

Foto: Martin Kierstein

På Ålesund Storsenter blei fem personar utsette for lommetjuveri onsdag ettermiddag.

Vektar Peder Aarseth fekk melding om at ei kvinne hadde blitt fråstole lommeboka si, og avtalte å møte henne. Då han kom fram synte det seg at også fire andre hadde opplevd det same.

Vektar Peder Aarseth

Vektar Peder Aarseth

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

- Dei hadde gått med handveskene opne. Nokon skubba borti dei, og då dei snudde seg var lommebøka borte, fortel Aarseth.

Fleire tusen i kontantar

Det er ikkje berre i Ålesund sentrum lommebøker har blitt stolne. Politiet har også fått melding om lommetjuveri på Moa.

Operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Sunnmøre Politidistrikt opplyser om at tjuvane har fått med seg fleire tusen kroner i kontantar i tillegg til bankkort.

- Vi kan ikkje sjå bort frå at det er dei same folka som har vore på ferde både på Ålesund Storsenter og på Moa, seier han.

Politiet har ikkje pågripe nokon for tjuveria.

Uklart signalement

Dei som hadde blitt fråstolne lommebøkene sine, mistenkjer at det var eit par som stod bak utgjerninga, seier vektar Peder Aarseth.

- To av dei som hadde fått stolne lommebøkene sine seier at tjuvane var eit utandsk par. Mannen hadde ei oransje rutaskjorte og skulderveske. Dama hadde lyse klede og langt hår som var festa i hestehale, seier han.

- Ha att glidelåset!

Aarseth seier at det er skjeldan dei opplever lommetjuveri. Han trur at folk ikkje tenkjer over at slikt kan skje.

- Det som er viktig er at ein i alle fall har att glidelåsa i veskene sine slik at ikkje tjuvane får enkel tilgang til verdiane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL