Hopp til innhold

Pårørande åleine etter sjølvmord

Det er store forskjellar frå kommune til kommune på korleis det offentlege tar seg av etterlatne etter sjølvmord.
Forsking viser at det er blir gitt dårlegare hjelp til pårørande ved sjølvmord enn ved sjukdom og ulykker.

Video Pårørande får lite hjelp etter sjølvmord

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har beredskapskonferanse i Molde. Der fortel politikar og bedriftsleiar Knut Flølo ope og ærleg om korleis han opplevde at Sonen Espen tok sitt eige liv - brått og uventa.

Knut Flølo

Knut Flølo var sjølv ordførar i Vestnes då sonen tok sitt eige liv.

Foto: Knut Flølo / NRK

- Ein kan jo sette ord på det som sorg, smerte, sakn og fortviling, men ein må oppleve det for å føle korleis det er, seier Flølo.

Han fortel at tilbodet frå hjelpeapparatet i Vestnes var der.

- Men vi var ikkje i stand til å forstå kva behov vi hadde.

Meir enn fem hundre menneske tar livet sitt kvart år.

Magny Lande, fylkesleiar i LEVE

Magny Lande er fylkesleiar i organisasjonen LEVE

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

- Sjølvmord er den stille tsunamien, seier Magny Lande, fylkesleiar i organisasjonen LEVE.

Organisasjonen arbeider for openheit. Dei meiner det profesjonelle i hjelpeapparatet ofte er alt for tilbakehaldne ved sjølvmord.

- Mange pårørande får beskjed om å ta kontakt med hjelpeapparatet viss dei har behov. Men utfordringa er at folk ikkje greier å definere behovet. Etter ei slik oppleving er dei fleste så nedkjørte at ein ikkje greie å søke hjelp.

Begikk selvmord i jula

- Nettstadene må ta meir ansvar

Dei etterlatne meiner at hjelpeapparatet må skjerpe seg. Det er stor variasjon frå kommune til kommune.

- Dei som er råka er ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv og hjelpeapparatet må vere meir aktive, seier Knut Flølo.

- Hjelpeapparatet må banke på dørene til folk, seier Magny Lande.

Behov for støtte

- Dei aller aller fleste treng støtte frå sine nære med omsorg og som medmenneske og vise at dei bryr seg og gjerne vil komme, seier sjefpsykolog i Helse Nordmøre og Romsdal, Arvid Sollie.

Sollie peikar på at det offentlege har eit ansvar. Dette kan ikkje erstatte dei nære, men kan tilby andre former for hjelp.

- Presten kjem uansett. Han kan gi god støtte i sorga og gi trøst, men det må ofte andre inn for å bearbeide traume i etterkant av slike hendingar, seier Sollie.

Video Behov for offentlig støtte ved sjølvmord

Arvid Sollie påpeikar bhovet for offentleg støtte til pårørande etter eit sjølvmord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL