Hopp til innhold

- Nettstadene må ta meir ansvar

- Skal vi få bukt med mobbinga på Internett, må dei som driv nettsamfunna ta ansvaret sitt meir alvorleg. Det sa nettekspert Kjell Antvort etter møtet med ungdomsskuleelevar i NRK Møre og Romsdal tysdag.

Kjell Antvort

Kjell Antvort

Foto: Svein Smørdal / NRK

Mobbing på Internett er hovudtemaet i NRK Møre og Romsdal tysdag. I formiddagssendinga i radio møtte nettekspert og høgskulelektor Kjell Antvort elevar frå Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund.

Spørsmåla frå elevane var mange; les meir nedanfor bildet.

Elevar frå Kolvikbakken i formiddagssendinga

Elevar frå Kolvikbakken ungdomsskole i formiddagssendinga

Foto: Svein Smørdal / NRK

Mobbing og sensur

- Kan vi ikkje sensurere vekk all grov ordbruk?

Antvort: - Jau, men ønskjer vi å sensurere? Det finst nok "filter" vi kan bruke, men kva slags, og kvar skal vi plassere det? Alle er samde i at nettleverandøren Telenor har eit barnepornofilter, men det er meir kontroversielt å sensurere andre former for kommunikasjon. Det beste er vel å ikkje plassere filteret i maskina, men i hovudet på nettbrukarane.

- Kva gjer du dersom ein kamerat får stygge meldingar i det nettsamfunnet han er medlem av?

Antvort: - Eg ville ta det opp med dei næraste, det vil som oftast seie foreldra. I verste fall kan mobbing meldast til politiet, men det er mykje som kan gjerast før det kjem så langt. Skulen kan også kontaktast.

- Har du konkrete eksempel på ein nettstad der mobbing har ført til sjølvmord?

Antvort: - Nei, det kjenner eg ikkje til. Politiet har overfor NRK Møre og Romsdal sett sjølvmord i samband med nettmobbing, men det er vanskeleg å seie noko konkret.

- Finst det reglar som seier at det ikkje er lov til å mobbe nokon/skrive stygge ting om dei?

Antvort: - Det kjem an på kva ein meiner med mobbing. Men det er lover som forbyr sjikane, ærekrenking og truslar.

Kvar går grensa mellom mobbing og ikkje-mobbing?

Antvort: - Ei slik grense er det svært vanskeleg eller uråd å trekkje. Det er eigentleg berre du sjølv som kan avgjere om du blir mobba eller ikkje.

- Dersom nokon utan lov legg ut bilde av meg på nettet, kan eg få fjerna det?

Antvort: - Dersom nokon har lagt ut eit bilde av deg - dvs. eit bilde som har fokus på deg - så har du rett til å krevje at det blir fjerna. Berre du kan gje løyve til å publisere eit bilde av deg. Problemet er vel at du ikkje veit om at bildet er lagt ut. Kanskje kjem det teknologi som kan løyse det problemet, program som kjenner igjen ansikt og kan leite etter ditt ansikt på nettet.

- Kva med folk som hackar sida di/lagar falske profilar av deg på Facebook?

Antvort: - Det vil alltid finnast folk som greier å komme seg inn på ei nettside dei ikkje har tilgang til. Eg har ikkje høyrt om eksempel på dette når det gjeld Facebook, men eg ville ta det opp med dei ansvarlege for nettstaden.

Varselknapp

Programleiar Anne Mari Flatset fortalde om eit tips frå ei ung jente:

- Kunne ikkje nettstader som har eit mobbeproblem ha ein raud varselknapp på sida som ein kunne klikke på når ein vil varsle om mobbing?

- Eit glimrande forslag som det er fullt mogleg å gjennomføre, seier Kjell Antvort. Han understrekar at dei som driv Nettby og andre nettsamfunn tener pengar på på verksemda si og at dei har eit ansvar for det som skjer på nettsidene. Det ansvaret har dei ikkje teke alvorleg nok, og det ser ut til at styresmaktene må leggje meir press på dei, meiner han.

Digital danning

Antvort brukar uttrykket "digital danning" om det både foreldra, skulen og samfunnet elles har eit ansvar for å lære dei unge. Det omfattar både kunnskapar, ferdigheiter og haldningar. Vi må lære oss kva vi ikkje kan gjere mot andre - ikkje på skulen, ikkje på gata, ikkje på nettet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL