Påkøyrd på ferja

Ein lærling om bord i bilferja «Kvam» vart tysdag ettermiddag påkøyrd og frakta til sjukehus med luftambulanse, det skriv Vestlandsnytt. Ifølgje regionsjef Inge Andre Utåker i ferjeselskapet Norled, skal lærlingen etter forholda ha det bra. Ulukka skjedde i samband med rygging om bord i ferja, av ein person som skulle frå Voksa til Kvamsøya. Lærlingen fekk klemskadar i magen og fekk i tillegg foten overkøyrd.