Hopp til innhold

Pågripen og sikta for valdtekt

Politiet set inn ekstra ressursar for å etterforske saka.

Inngangsparti, Nordmøre politidistrikt og Nordmøre Tingrett

Politiet i Kristiansund har sett inn ekstra ressursar for å etterforske saka.

Foto: Rune Petter Ness / Scanpix

Politiet i Kristiansund fekk melding på morgonkvisten om at det skal ha vore ei valdtekt i Kristiansund. No er ein mann pågripen og sikta for valdtekt mot ei kvinne.

Politiet opplyser at den pågripne mannen er frå Kristiansund. Men operasjonsleiar Jan Helge Kjøl har elles få opplysningar å gi til NRK Møre og Romsdal.

– Eg kan ikkje seie noko meir så tidleg, seier han.

– Vi har sett inn ekstra ressursar til å etterforske saka, seier Kjøl,

– Blir mannen avhøyrt no?

– Han skal avhøyrast seinare i dag.

– Kor gammal er mannen?

– Det kan eg ikkje seie.

Operasjonsleiaren seier at saka blir etterforska ved Kristiansund politistasjon.

Klokka 15.15 opplyser politiet at mannen sit i avhøyr.