På veg til AaFK?
Aalesunds Fotballklubb skriv på nettsidene sine søndag kveld at den tidlegare moldespelaren Pape Pate Diouf blir med AaFK til Marbella måndag. Diouf kom til Molde i 2006, men er no utan kontrakt. AaFK reiser måndag til Spania i tre veker for å trene og spele treningskampar russiske FC Rostov og IK Start.