Hopp til innhold

Fylkeslegen på tilsyn etter mange bekymringsmeldingar frå Giske

Etter nye, og meir omfattande, klager og bekymringsmeldingar, har Fylkesmannen i Møre og Romsdal opna ny tilsynssak mot Giske kommune. Torsdag var dei på stadleg tilsyn ved Giske omssorgssenter, noko som er heller uvanleg.

Eldre på Giske omsorgssenter

Her er nokre av damene som bur på omsorgssenteret på Giske. Torsdag ettermiddag var det eit større møte i bygninga, då fylkeslegen var på stadleg tilsyn.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Det er ikkje vanleg at vi dreg ut på stadleg tilsyn, nei, fortel Cato Innerdal.

Den assisterande fylkeslegen har teke turen frå Molde, der Fylkesmannen i Møre og Romsdal held til, til Giske kommune.

Giske omsorgssenter er stoppestad, der Innerdal og ein jurist møter representantar frå kommunen, pårørande og pasient- og brukarombodet. Og så skal dei sjå på tilhøva for brukarar og pasientar.

Cato Innerdal

Assisterande fylkeslege Cato Innerdal var på stadleg tilsyn ved Giske omsorgssenter, noko han omtalar som uvanleg.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Bekymringsmeldingar i fleng

Saka byrja med politiske vedtak tilbake i 2010 og 2011. Giske kommune vedtok å byggje ny sjukeheim.

Kostnadene blei derimot for store, og for å få økonomien i balanse blei det avgjort å omdefinere den planlagte sjukeheim til omsorgsbustadar. Dette skjedde i 2012.

– Når ein gjer som ein sjukeheimsplass til omsorgsbustad så endrar ein både driftsmåte og bemanninga kring pasient eller bebuar. Det har sjølvsagt noko å seie, informerer Innerdal.

Etter kvart byrja klagene å komme inn. Tidleg i februar slo pårørande alarm.

– Uforsvarleg

Dei meinte då at det var drifta på nattetid, grunna låg bemanning, som var det største problemet.

– Det er heilt uforsvarleg at det ikkje er ei nattevakt som sit på avdelinga. Det gjer at det blir veldig utrygt både for pasientar og pårørande som heile tida er uroa, sa Leikny Andestad til NRK 11. februar.

Pårørande og andre fekk melding om å melde inn bekymringsverdige forhold. Etter kvart blei det opna tilsynssak, men gode svar frå kommunen gjorde at ting heldt fram som før.

– Vi opna tilsynssak og etterspurte ei utgreiing. Vi fekk ei omfattande utgreiing, der svara vi trengte kom fram, fortel Innerdal til NRK.

– På tidspunktet fann ikkje Fylkesmannen grunn til å gå vidare med saka. Når pasient- og brukarombodet kjem med nye meldingar er det derimot nødvendig med ny tilsynssak.

Saka held fram under bildet.

Cato Innerdal

Cato Innerdal besøkte Giske omsorgssenter for å sjå på tilhøva, i tillegg til å møte alle partane i saka. I løpet av to veker får tilsynssaka ein konklusjon.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Bemanning, feilmedisinering og tilbod

I brevet frå pasient- og brukarombodet til Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppsummerer dei historikken rundt Giske omsorgssenter.

Dei skriv at berre åtte sjukeheimsplassar er i drift, pluss fire føresett utskrivingsklare pasientar.

Då omlegginga, frå sjukeheimsplassar til omsorgsbustad skjedde, skal pårørande og pasientar følt seg pressa til å bytte.

Etter fleire bekymringsmeldingar og klager blei det stilt 10 klåre spørsmål i brevet til Fylkesmannen.

Dei gjekk under endring av tenestetilbod, der lovverk og krav spelar inn. Det gjekk under bemanning, der tilstrekkeleg med personell og nattevakter blei teke opp. Det siste hovudpunktet var medisinering, der klager om medikamenthandtering enda i krav om svar.

I tillegg har Fylkesmannen fått fleire klager sidan februar òg. Torsdag blei det stadleg tilsyn.

Fleire klager

Talet på klager og bekymringsmeldingar knytt til Giske omsorgssenter er betydeleg større enn frå andre kommunar, fortel Cato Innerdal.

– Det har vore ein del fleire enn det vanlege, ja. I løpet av det siste halvåret har vi motteke fleire klager og bekymringsmeldingar om helsehjelpa som blir gjeve ved Giske omsorgssenter.

I meldingane frå pårørande strekkjer omtalte hendingar seg tilbake til årsskiftet 2011/12.

Knut Støbakk

Giske-ordførar Knut Støbakk (KrF), meiner tilsyn er berre positivt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Positivt med tilsyn

Giske kommune sin representant på møtet ved Giske omsorgssenter ville ikkje uttale seg så lenge tilsynssaka var under arbeid.

Ordførar Knut Støbakk svarte derimot i ein kort kommentar.

– Vi meiner det er positivt at Fylkesmannen utfører tilsyn. Dei har som rolle å passe på.

Innerdal støttar ordføraren i synspunktet.

– Ja, Fylkesmannen si rolle er den same som kommunen si. Alle ønskjer at helsehjelpa som blir gjeve er både god og forsvarleg, slår fylkeslegen fast.

Ei tilsynssak kan derimot få konsekvensar, sjølvsagt.

Giske omsorgssenter

Nattetilbodet ved Giske omsorgssenter har vore éi av bekymringane til pårørande.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Pålegg og overvaking

Innerdal omtalar møtet på Giske omsorgssenter som positivt, der alle partar fekk kome med sine synspunkt. I tillegg var det oppklarande på ein del punkt.

Innan to veker får tilsynssaka ein konklusjon.

– Vi kan ikkje på noverande tidspunkt kommentere kor alvorleg det er. No har vi allereie henta inn mykje informasjon i dag, seier Innerdal.

Eventuelle konsekvensar for Giske kommune kan bli pålegg, der for eksempel krav om større bemanning er eit tema. I tillegg kan Fylkesmannen overvakte kommunen fram til tilhøva eventuelt er forsvarlege.

I hovudsak har nattebemanninga vore den største bekymringa.

– Det viktigaste med tilsynet i dag var at alle skal få sagt sitt, avsluttar Innerdal.