NRK Meny
Normal

Øving på Ålesund lufthavn

I kveld frå klokka 21 og utover vert det beredskapsøving inne på Ålesund lufthavn, Vigra. Over hundre personar er i sving.

Vigra
Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Øvinga skjer i hovudsak ved innsjekking og avgangsområdet. Dei involverte er brann, helse, politi, Avinor, Securitas, Flyselskapa og Giske kommune.

PLIVO – øvingar


Gjennom første halvår av 2016 har helse, politi og brann i samarbeid med kommunane gjennomført PLIVO-øvingar i heile politidistriktet. Innan juni skal ein nasjonalt ha sørga for at alle aktørar kjenner innhaldet i PLIVO-prosedyren, (Nasjonal prosedyre for nødetatenes samvirke ved pågåande livstruande vald – PLIVO).

Vi øver etter den nye nasjonale prosedyren "PLIVO" i kveld for å få til blant anna ei god trippelvarsling, seier øvingsleiar Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt. Sætre har saman med øvingsleiar Terje Nergård frå Avinor satt opp øvinga.

Terror og sabotasje

Moment observatørane skal vurdere om aktørane viser god situasjonforsåing, om reaksjonsmønsteret samsvarar med planverk, førsteinnsatsen og samhandlinga. Stikkord for øvinga er også terror og sabotasje.

.