Hopp til innhold

Overvaker olje i sjøen

Før helga blei det varsla om oljesøl i sjøen ved Kleivane i Aspevågen i Ålesund. Dette blir no overvaka av både Ålesund brannvesen og Kystverkets overvakingsfly. Onsdag 18. juli blir det tatt prøver av olja. Denne blir så sendt til SINTEF for testing. Området for oljesølet er markert i sjøen med ei blåse. Det er foreløpig uklart om det stammer frå båtvraket Iris frå 1945. Det skriv Ålesund kommune i ei pressemelding.

Oljesøl ved Kleivane i Aspevågen Ålesund
Foto: Ålesund brannvesen KF

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL