Hopp til innhold

Overraska over at Telenor vil rive radiosendar

Telenor ønskjer å rive dei største bygga ved Vigra Kringkaster. Kulturavdelinga er overraska og vil ikkje tilrå riving.

Vigra kringkaster med hus og mast år 2009.

Vigra kringkastar med husa før masta blei riven. No vil Telenor også fjerne husa.

Foto: NRK

Christ Allan Sylte

Christ Allan Sylte er overraska over rivingssøknaden.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Mellombølgesendingane frå Vigra kringkastar har spelt ei viktig rolle sidan dei blei sett i drift i 1935. Då 2. verdskrig braut ut vart sendaren sett på som den viktigaste i landet. I mai 1940 vart sendaren bomba og åtte år seinare blei den gjenoppbygde stasjonen opna av kong Haakon. Den 232 meter høge masta er borte, men framleis står bygga igjen etter kringkastaren.

Vil fjerne bygget

No ynskjer Telenor og Norkring å rive dei to største husa ved anlegget. Både Venneforeininga og Giske kommune har protestert. Heller ikkje kulturavdelinga i fylket vil tilrå riving.

– Eg er svært overraska. For nokre år sidan gjekk vi med på riving av den høge Vigramasta med føresetnad om at dei andre kulturminna vart bevart, seier bygningsantikvar Christ Allan Sylte.

Avtale med grunneigar

Telenor Broadcast seier at Norkring har bestemt seg for riving fordi dei har ein avtale med grunneigar om å rydde opp etter seg. Dei har prøvd å få til ei museumsløysing utan å lukkast og meiner at riving dermed er det einaste alternativet.

Bygningsantikvar Sylte vil no diskutere saka med Riksantikvaren. Dei vil også kontakte Telenor for å høyre kva som er grunnen til søknaden om riving.

– I deira eigen landsomfattande verneplan har dei foreslått å vere dette kulturminne, seier Sylte.

Dokumentaren om historia til Vigrasenderen og rivinga av Vigramasta har premiere komande søndag på Vigra. Aalesund Smalfilmklubb har produsert filmen og kommentaren er lest inn av Harald Grytten. Turid Røsvik er intervjua i slutten av dette utdraget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL