Hopp til innhold

Overleverte spørsmålsliste

Bunadsgeriljaen overleverte i dag 16 kritiske spørsmål til leiinga i Helse Møre og Romsdal. Spørsmåla handla i stor grad om det som har vore karakterisert som feilinformasjon i saka om samanslåing av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund.

– Vi klarer nok ikkje å svare på alle desse spørsmåla på dette styremøtet. I så fall kunne det lett ha blitt for overfladisk. Men alt skal få svar seinare. Og vi set pris på å få møte dykk, sa styreleiar Ingve Theodorsen etter møtet.

Det er fleire representantar for Bunadsgeriljaen som følgjer dagens styremøte.

Bunadsgeriljaen
Foto: Terje Reite

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL