Politiet fleire stader i fylket kontrollerte søndag morgon ei rekkje bilistar for promille.Søndag formiddag fekk 67 bilistar i Herøy-området blåse, litt etter nesten 50 bilistar i Ulstein. Ingen av dei gav utslag.
- Vi trur det har mykje å seie at vi har slike kontrollar. Det er bra om du høyrer om det, men fint også at du opplever å bli stoppa og får kontrollert om du er i bakrus, seier operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Sunnmøre politidistrikt.
Han trur at vissheita om at det blir gjort kontrollar gjer at folk tenkjer seg betre om før dei køyrer dagen etter ein fest.
Les også:
200 kontrollerte i Molde og Ålesund
I Ålesund blei 50 bilistar kontrollerte på Lerstad mellom klokka seks og sju søndag morgon, men ingen blei tekne for promillekøyring. Ein person blei tatt med inn for promilletest, men hadde lågpromille og fekk ei åtvaring. Ved Årø i Molde blei 55 testa rundt klokka åtte, heller ikkje det gav utslag.
- Vi er kjempefornøgde, det er flott, seier operasjonsleiar Hans Kristian Lundgren ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Mange tips frå publikum
Politiet seier dei får stor hjelp frå tipsarar, som fortel om vinglete og merkeleg køyring.
- Vi har ikkje nok promillekontrollar, og det er klart at publikum er ein sterk bidragsytar til at folk blir tatt. Det er bra, for det er jo ønskjeleg å få slike trafikantar ut av trafikken, seier Tjønnøy.
Politiet seier det blir fleire slike aksjonar no før jul.