NRK Meny

Organisasjonsmodell er klar

Adm.dir. i Helse Møre og Romsdal går inn for at klinikkane i helseføretaket skal vere organisert på tvers av sjukehusa, men at stadleg leiing skal tilleggast meir vekt enn det har hatt fram til i dag. - Ei organisering på tvers av sjukehusa legg betre til rette for kunnskapsdeling og standardisering av tenestene, seier administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.

Espen Remme
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK