Ordføraren ber om ja

Ordførar Rolf Hurlen (H) i Nesset ber kommunestyret seie ja til reguleringsplanen i kommunen i dag. For få dagar sidan sa formannskapet nei på grunn av skepsis mot planane om eit nasjonalt deponi for farleg avfall. Hurlen eier han er imponert over seriøsiteten til initiativtakarane, og at anlegget kan bli starten på eit industrieventyr i kommunen. Et nytt nasjonalt deponi for farleg industriavfall kan bli lagt til Rausand i framtida, fordi dagens deponi på Langøya i Oslofjorden snart er fullt.

Nesset-ordførar Rolf Hurlen
Foto: Øyvind Sandnes / NRK