Hopp til innhold

Optimismen tilbake i møbelindustrien

Nedturen i oljenæringa førte til at etterspurnaden etter møblar gjekk ned. Men no er optimismen tilbake.

Sykkylvsbrua og Ekornes

Sykkylven i Møre og Romsdal er blant bygdene i Møre og Romsdal som tradisjonelt har satsa sterkt på møbelindustrien.

Foto: Odd Sørås / NRK

Noreg har ein omfattande møbelindustri, og store deler av møbelbransjen er konsentrert i Møre og Romsdal. Nedgangen i oljenæringa har hatt dobbel effekt. Med permitteringar og oppseiingar i oljenæringa har folk og bedrifter blitt meir forsiktige med å bruke pengar.

Egil Sundet

Egil Sundet er bransjesjef for møbel og interiør i Norsk Industri.

Foto: Norsk Industri

Eg trur at reduksjonen i etterspurnaden etter møblar som vi har sett er ei midlertidig affære, seier bransjeleiar i Norsk Industri, Egil Sundet til NRK.

– Ser enden i nedturen

Næringslivet byrjar no å sjå enden av nedturen i oljeindustrien. Og dette er positive nyhende ikkje berre innad i oljebransjen, men for norsk økonomi generelt, seier Sundet.

– Når Ola og Kari ser at framtida er bra då trur vi at etterspurnaden kjem til å auke igjen, seier Sundet.

Situasjonen for norsk møbelindustri er likevel framleis utfordrande. Nokre har godt med oppdrag og god fart i produksjonen.

– Men nokre bedrifter har merka bremsene, særleg i den norske marknaden, seier Sundet. Vi har merka at oljenedturen har ført til nedgang i etterspurnaden etter møblar i Noreg, legg han til.

Krona har styrka seg

Sjølv om krona har styrka seg utover i året opplever møbelindustrien også ein auke i eksporten.

Kronekursen er framleis svakare enn det han var for berre eit par år sidan og i fleire år før det. Vi har framleis ein positiv kroneeffekt.

Ekornes er ei av bedriftene som har innført kortare arbeidsveke. Sundet trur ikkje at dette er nokon trend som kjem til å breie om seg.

– Nei, det trur eg ikkje. I det store biletet har møbelindustrien i Noreg hatt eit par år med vekst. Nedgangen i etterspurnaden i haust er midlertidig. Nokre bedrifter har innført kortare veke. Andre arbeider med bruk av overtid, seier Sundet.