NRK Meny

Opptrapping i Svorka

To tilsette til i Svorka Energi er tatt ut i streik, melder selskapet i ei pressemelding. Sidan slutten av førre månad har 18 tilsette vore i streik. Straumnettet blir reparert berre viss det er fare for liv og helse eller utilbørleg skade for tredjepart. Frå måndag må kundar ta kontakt via epost, fordi sentralbordet blir stengt til streiken er over.