Hopp til innhold

Slik lagar du seljefløyte

Folkemusikaren Dagfinn Nupen viser deg korleis du enkelt kan lage ei seljefløyte med ein lommekniv og ein kvist.

Dagfinn Nupen

Dagfinn Nupen i djup konsentrasjon medan han spikkar seljefløyte.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Dagfinn Nupen

Fløyteentusiasten visar stolt fram tvitten som har overlevd heilt sidan 1966.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Alle kan lære dette. Eg har eit håp om å lage ei til to seljefløyte for året, for å halde lærdomen og gamle tradisjonar ved like, fortel Dagfinn Nupen.

Ørstingen var leiar for Møre og Romsdal Folkemusikklag i mange år og er dessutan redaktør for Folkemusikkbladet.

Heilt sidan ungdommen har han hatt eit hjarte for norsk folkemusikk og instrumenta som høyrer med. Blant anna var det ei sjølvlaga seljefløyte han presenterte for juryen då han la fram hovudoppgåva si i 1966.

– Utruleg nok er det framleis god lyd i ho, fortel Nupen. Vanlegvis varer ei seljefløyte berre i rundt ein månad.

Lytt etter gauken

Ifølgje Nupen er mai og juni er den beste tida for å lage seljefløyte, men sidan våren kan vere både tidleg og sein, er det lurt å lære nokre triks for å vite akkurat når tida er inne.

– Eg var seinast i dag og såg på seljene på eit område heime. Då høyrde eg gauken gol, seier folkemusikaren.

Ifølgje Nupen er gauken eit teikn på at sesongen for å lage seljefløyter er offisielt i gong.

– Eg noterer meg også når bjørka sprett. I år er det litt seinare enn andre år, legg Nupen til. Han trur sesongen for seljefløytene vil halde iallfall ut juni i 2013.

  • Les også:
  • Les også:

Eit godt emne

Knurpekvist

Her er eit døme på ein kvist med knurpar. Ein slik kvist kan ikkje brukast som emne til ei seljefløyte.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Eit godt seljefløyteemne skal vere beint og kvistfritt. Eit godt emne er gjerne på 30–40 centimeter, men det kan også vere langt kortare. Det viktigaste er at fløyta er god å halde i for den som brukar ho. Breidda skal vere på 1,5 centimeter.

Ein kan også nytte seg av rogn eller or, men selje er heilt klart best, meiner fløyteeksperten.

Uansett kva for tretype ein går får, er det viktig å hugse på at ein ikkje skal bruke greiner med knurpar. Det hjelp heller ikkje å skjere av knurpane for då vert borken øydelagt.

– Når du skal ta av borkhylsa, så vil den sprekke. Ei som har sprukke er lydlaus, åtvarar Nupen.

–Med eit beint emne kan ein dra ut borkhylsa utan å skade fløyta, legg han til.

Spikk ein tvitt

Spikking

Ein tollekniv er det beste, men ein mindre brødkniv kan også gjere susen for den som spikkar seljefløyte.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det finst mange typar seljefløyter, men den enklaste varianten er ein såkalla tvitt som gir éin tone. Her er difor oppskrifta på ein heimelaga tvitt:

1. NEBB: Først skjer du eit lite nebb for enden, slik at det vert sjåande ut som blåsemunnen på ei blokkfløyte. Hugs at du må skjere på den tynnaste enden av emnet. Elles vert det vanskeleg å dra av borkhylsa.

2. HALVMÅNE: Deretter skjer du ein liten halvmåne tre centimeter nedanfor nebbet, men på andre sida av emnet. For å lage halvmånen lagar du først eit hakk og skjer så inn mot hakket nedanfrå.

Seljefløyte

Borkstrimen kan tyggast som tyggis.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

3. TYGGISSTRIME: Ytterlegare 2 centimeter lengre nede på emnet skjer du heile vegen rundt. Dette gjer du to gonger med 3 mm avstand. Den tynne borkstrimen kan du losne av og tyggje som tyggis.

4. MJUKGJERING: Sleik så heile toppenden av fløyta for å mjukgjere ho.

5. BANK EI REGLE: Bruk skaftet på tollekniven til å banke forsiktig langs delen som du nett har mjukgjort. Medan du gjer dette skal du seie regler som til dømes:

Tvitt, tvitt, vil du gå frå meg i år? Og vil du ikkje gå frå meg i år, så vil du gå eit anna år" (frå Volda)

" Tvitt, tvitt, vil du gå frå meg i år? Og viss du vil gå frå meg i år vil du få ein sølvknapp attpå. " (frå Ørsta)

6. DRA AV: Dei som har gode auge vil kunne sjå ei lita fargeendring i borken dei har banka på fordi sevja byrjar å kome ut. Då kan du kjenne etter om det er mogleg å dra av borkhylsa. Dra ho forsiktig av, slik at ho ikkje vert øydelagt. Vert det vanskeleg må du banke meir.

7. BLÅSEKANAL: Når du har fått av borkhylsa kan du skjere ein djupare halvmåne, slik at hakket går halvvegs inn i treet. Til sist skjer du ein liten blåsekanal frå munnstykket og ned til halvmånen. Tre forsiktig på att borkhylsa.

Og simsalabim, tvitten er klar til bruk!

Nupen vil også minne på at ein må ta godt vare på borkhylsa. Gjer ein det, får fløyta lengre levetid.

Tvitt

Dagfinn Nupen har laga ein pedagogisk illustrasjon av korleis ein tvitt skal sjå ut.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK