Hopp til innhold

Opprykket er sikra – no jaktar AaFK poengrekord

AaFK endeleg tilbake i Eliteserien, men no jaktar dei ny poengrekord før dei seier seg ferdig med 1. divisjon.

Andreas Lie i Aafk

GLAD: Ålesundskeeperen har feira opprykket med laget i natt, før dei kom tilbake til Ålesund i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

AaFK kunne endeleg sleppe jubelen laus då dei vann 1–0 mot Tromsdalen på bortebane i går. Eit etterlengta opprykk for AaFK, og det må feirast.

– Vi er glade og slitne i dag, seier trenar Lars Bohinen.

NRK møtte spelarane då dei landa på Vigra i dag for å ta i mot gratulasjonar frå supporterane og resten av klubben.

– Dette betyr mykje, det er grunnen til at eg vart henta til AaFK, for å rykke opp, så no må vi sjå etter nye mål, seier trenar Lars Bohinen.

Lars Bohinen og AaFK

FEIRAR: Her feirar trenar Lars Bohinen og dei andre AaFK-spelarane opprykk, etter siger mot Tromsdalen søndag.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen

For vegen tilbake til Eliteserien har ikkje vore enkel. Dei oransje trøyene leia lenge 1. divisjon i fjorårets sesong, men etter ei dårleg periode rykte både Mjøndalen og Viking forbi.

Dermed måtte AaFK spele kvalifiseringskampar mot Stabæk, der dei til slutt måtte sjå slaget om opprykk til eliteserien for tapt.

– Vi fekk oss ein på tryne i fjor, når vi ikkje klarte å kvalifisere oss. Spelarane har vore svoltne denne sesongen, og det har gitt resultat, seier Bohinen.

Jaktar poengrekord

No kan dei sleppe jubelen laus for opprykk før sesongen er ferdig.

Molde gratulerer

GRATULERER: Molde Fotballklubb gratulerer AaFK med opprykket. Neste år vil alle dei tre store byane i Møre og Romsdal ha fotballag i Eliteserien.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er ein god følelse å sikre opprykket tre rundar før sesongslutt, seier keeper for AaFK, Andreas Lie.

Han meiner Ålesundslaget høyrer heime i Eliteserien.

– Ålesund er ein by og ein klubb som høyrer heime i det gjævaste selskapet i norsk fotball, seier Lie.

Trass i at AaFK allereie har sikra opprykket, jaktar dei nye mål før dei takkar for seg i 1. divisjon. No vil dei slå rekorden for høgste poengsum, den foreløpige rekorden med 74 poeng er det Start som har, som dei tok i 2004.

– 79 poeng er det vi kan klare å oppnå, rekordar er alltid artig å ha, seier Lars Bohinen.

Og det er nettopp Start AaFK skal møte på laurdag, i jakta på rekorden.