Hopp til innhold

– Dette er ein gledas dag for norsk fotball

25. mai kan spelarane i Toppserien og 1. divisjon endeleg starte opp att med organisert trening. Men alle skal testast for feber før kvar einaste trening.

Sogndal jublar for siger over Notodden

NY JUBEL: Sogndal jubla etter sigeren mot Notodden 14. april i fjor. No kan dei 16 laga i 1. divisjon og dei 10 laga i Toppserien for kvinner starte opp att med trening og snart også kampar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Sogndal Fotball var det tilløp til jubel då meldinga frå Fotballforbundet kom i dag om at dei no kan sjå fram mot både trening og oppstart av serien.

– For norsk toppfotball og i dette tilfellet 1. divisjon og Toppserien, så er dette ein gledas dag, seier Rasmus Mo, dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Men det blir strenge reglar for både kvinner og menn som skal ut på grøne gras- og kunstgrasmatter rundt om i landet.

Alle spelarane kjem til å bli målt feberen på før dei får byrje å trene og kvar dag må dei også svare på spørsmål knytte til eiga helse.

– Dette set strenge krav til oss og utøvarane med å følgje dei protokollane som er sett opp av helsemyndigheitene for å gjennomføre dette, slår Rasmus Mo fast.

NM-finale fotball kvinner LSK kvinner - Vålerenga (5-1)

SIGERSGLIS: LSK Emilie Nautnes jublar etter 2-0 scoringa under cupfinalen i fjor. No får kvinnene på nytt trene med kontakt.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Seriestart i juli

Med at treningane kan starte opp att 25. mai, så vil også serien kunne sparkast i gang på eit tidlegare tidspunkt enn det ein først trudde.

Tidleg i juli vil dei første poenga i 1. divisjon og Toppserien kunne delast ut.

I ei pressemelding frå fotballforbundet seier kulturminister Abid Raja at han gler seg over at den nest øvste divisjonen for menn og toppdivisjonen for kvinner kan kome i gang.

Erfaringane med treningsstart i eliteserien har vore positive, noko ministeren har merka seg

– Eg har hatt ein god dialog med Noregs Fotballforbund, og vore tydeleg på at også kvinnefotballen må få starte opp innanfor gjeldande smittevernreglar, seier Raja.

Må dusje heime

Spelarane får no ein oppkøyringsperiode på nesten seks veker.

– Det er godt å ta med seg etter lang tid utan kontakttrening, seier dagleg leiar Toppfotball kvinner, Hege Jørgensen.

I fotballbygda Sogndal gler no Rasmus Mo og dei andre i klubben seg til endeleg å kome i gang igjen – med strenge restriksjonar.

– Når dei kjem på jobb om dagen skal dei vere ferdig skifta. Dei skal gå rett inn på bana. Når dei forlèt trening, skal dei gå ut same porten dei kom inn. Dei må reise heim for å dusje, opplyser Mo.

Rasmus Mo

GODT NØGD: Rasmus Mo i Sogndal Fotball har trua på at dei skal klare å halde dei strenge reglane som blir sett for å kunne starte opp att med kontakttrening.

Foto: Sondre Dalaker / NRK