Oppretta sak etter utforkøyring

I trafikkuhellet som skjedde i Eidsvåg i Nesset tidlegare i kveld, skal det ha vore ein bil involvert med to personar i. Det var svært glatt på staden og bilen skal ha køyrt i grøfta, seier operasjonsleiar i politiet Per Åge Ferstad. Den eine personen skal ha blitt frakta til sjukehuset i Molde for ein sjekk, men det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader. Politiet har oppretta sak og har avhøyrt både fører og passasjer.