Hopp til innhold

Opplev Ingebrigt Davik fortelje om krigsflukta

Høyr læraren, forfattaren og songaren Ingebrigt Davik frå Haram fortelje den dramatiske historia om då han og familien måtte fare med båt til Island og Færøyane for å sleppe unna tyskarane.

Ingebrigt Davik (årstall ukjent)

Ingebrigt Davik (født 14. april 1925, død 29. januar 1991) var ein norsk forfattar, kringkastingsmann og barneunderholder.

Foto: NRK / NRK

Denne romjula skal vi skru klokka tilbake i tid og hente fram lokal krigshistorie.

No er det 70 år sidan vi hadde siste krigsjula, og i det nye året er det 75 år sidan andre verdskrig braut ut her i landet.

Kring 30 norske fiskebåtar gjekk då vestover til Shetland, Færøyene og Island for å unngå at dei blei beordra til å gjere teneste for tyskarane.

På ein av desse båtane var Ingebrigt Davik frå Haram – mannen som seinare skulle verte kjend som lærar, forfattar, songar, og barnetimeonkel i NRK.

Lytt her

I radiospelarane under kan du no på ny oppleve hans historie, og korleis han opplevde å flykte frå krigen via sjøvegen.

Det er tidlegare NRK-tilsett Odd Sørås som gjorde opptaka for 25 år sidan, før Davik døde i januar 1991.

Del 1 – Ingebrigt Davik og krigen og ferda til Færøyane:

Del 2 – Ingebrigt Davik om krigsår på Island:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL