Hopp til innhold

Oppklart våpentjuveri

Politiet har oppklart eit våpentjuveri frå lokala til Vartdal Skytterlag på Vartdal i slutten av oktober. Tre menn frå Søre Sunnmøre har status som sikta i saka, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle i Møre og Romsdal politidistrikt. Politiet har også funne rifler og ammunisjon frå eit våpentjuveri frå ein bustad i Ørsta tidlegare i haust. Det er også gjort eit større beslag av våpen på Austlandet, som ei fylgje av vår etterforsking, seier Hjelle.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL