Oppdrettspengane går ut av landet
Halvparten av utbytet frå den norske oppdrettsnæringa går ut av landet. Det viser ein ny studie. Ein tredel av næringa har utanlandsk eigarskap. 36 prosent av den norske produksjonskapasiteten var i 2018 eigd av utanlandske aktørar. Dette er ein oppgang frå 32 prosent i 2015, skriv E24.