Oppdrag for Myklebust verft
Myklebust Verft har inngått ein kontrakt med selskapet AKOFS Offshore om ei større oppgradering av fartøyet AKOFS Seafarer. Etter planen skal skipet kome til Myklebust i mai og størstedelen av arbeidet frå verftet si side skal vere utført innan oktober i år.
- Dette er ein gledens og historisk dag for alle våre tilsette, seier dagleg leiar i Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide i ei pressemelding.
Kontrakten er det største ombyggingsoppdraget verftet har vunne nokon sinne og er også det første, store prosjektet som verftet får inn i ordreboka etter at Myklebust og Kleven skilde lag.
- Oppdraget vil ha stor sysselsettingseffekt både for eigen arbeidsstokk og for ei rekkje underleverandørar, seier Hide.
Bilde av Myklebust (hausten 2017)