Hopp til innhold

Grønt lys for Oppdølsstranda

- Eg har i dag gitt grønt lys til Vegdirektoratet om anbodsutlysing, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Det kan bety byggjestart i april for rassikring på riksveg 70.

Magnhild Meltveit Kleppa

GIR GRØNT LYS: Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa lyser ut anbodet på Oppdølsstranda no.

Statsråden tek likevel atterhald om at Stortinget må godkjenne saka før ein kjem i gong. Kontraktane i dette blir ikkje inngått før det er gjort.

- Eg er oppteken av rask framdrift, og det reknar eg også med at Stortinget er, difor lyser eg no ut dette, seier Meltveit Kleppa.

Artikkelen held fram under bildet.

- Opning 2013/14

Oppdølsstranda

RASUTSETT: Slik såg riksveg 70 gjennom Oppdølsstranda ut etter raset i august 2008.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Folkemøte på Ålvundeid

KRAV OM SIKRING: Etter raset sommaren 2008 har det vore eit krav å få sikra Oppdølsstranda.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Ho er likevel ikkje sikker på når dette kjem opp for Stortinget, men reknar med at arbeidet på tunnelen kan kome i gong i april i år.

- Det betyr opning i årsskiftet 2013/14, trur statsråden.

  • LES OGSÅ: Rassikringsarbeid startar
  • Ordførar Ståle Refstie (Ap) er godt fornøgd med at prosjektet no kjem i gong. Les meir til høgre i artikkelen.

No skal altså anbodet ut på prosjektet som skal rassikre Oppdølsstranda ein gong for alle. Men økonomien i prosjektet er kraftig endra siste åra. Det trass i at tunnellengda er den same. For krav til sikring og utrusting er mellom faktorane som har drive prisen opp.

- No er kostnadsramma 945 millionar kroner, seier Meltveit Kleppa.

  • Du kan lese meir om Oppdølsstranda ved å trykke på "Ras i Sunndal" til høgre i artikkelen.

Har teke tid

Samferdselsministeren ser at det har teke lang tid å få til dette prosjektet.

- Det er mange ting som har spelt inn. Ikkje minst det at ein såg at når ein fyrst rassikrar Oppdølsstranda, så må ein gjere det meir omfattande enn det som fyrst var aktuelt, seier ho.

Sidan det gjekk eit stort ras i slutten av august 2008 har kravet vore at stranda må rassikrast. I mars året etter kunne stortingsrepresentant Jenny Klinge (SP) melde om at 600 millionar kroner er klare for bruk på strekninga.

Sommaren same året gjekk eit nytt ras, som dekte 30 meter av vegen . I 2011 kjem rassikringa endeleg i gang.

- Det er heilt avgjerande viktig. Det er gjort noko rassikring allereie, men det er klart at for skuleelevar, og for mange andre er det å ha ein trygg veg veldig viktig.