NRK Meny
Normal

Rassikringsarbeid startar

Måndag 17. august startar sikringa av den rasutsette Oppdølsstranda.

Ras på Oppdølsstranda 05.06.09
Foto: Eindride Ulstein Gravem

Oppdølsstranda er ei av dei mest rassutsette strekningane i landet. No har Samferdsledepartementet løyvd midlar til å starte sikringsarbeidet.

Det betyr at vegen kan bli opna for kolonnekøyring i september, og for vanleg trafikk i november. I dag er båtskyss einaste alternativ forbi rasstaden.

Det siste året har det gått tre store ras på strekninga.

-Vi veit jo at tunnel er den einaste løysinga på sikt, men dette vil hjelpe næringslivet og pendlarane no, seier Sp-politikar Jenny Klinge.