Hopp til innhold

Leita etter faren, blei funnen av broren

Ronny fekk hjelp av «Tore på sporet» då han leita etter sin italienske far. Etter at fjernsynsprogrammet blei vist på tv kom det ein telefon han aldri hadde venta å få.

Halvbrørne Rolf (t.v) og Ronny har møtt kvarandre for første gong. Dei fann kvarandre gjennom tv-skjermen.

Halvbrørne Rolf (t.v) og Ronny har møtt kvarandre for første gong. Dei fann kvarandre gjennom «Tore på sporet».

Foto: Berge Myrene / NRK

På ein solfylt sommardag på kaia i Ålesund står det to brør som inntil nyleg ikkje visste at dei var brør. Dei har same far, og har akkurat møttest for første gong.

– Det er vanskeleg å setje ord på det. Men det var veldig spesielt. At han dukka opp etter alle desse åra, der eg har leita etter min far, seier Rolf Tangen.

Ba «Tore på sporet om hjelp»

Det heile starta med at Ronny Gurskevik frå Gursken i Møre og Romsdal fekk hjelp av «Tore på sporet»-redaksjonen til å finne ut meir om sin italienske far.

I programmet som blei laga reiste Ronny til Italia og England for å finne ut kven faren, Salvatore Rinaldi, var. Og svar fekk han. Han møtte slektningar og fekk vite mykje om faren sin som døydde i 1997. Han fekk også informasjon om fire søsken han ikkje visste om frå før. Men så skulle det altså dukke opp endå ein bror i ettertid.

Såg den ukjende broren sin på TV

I Sverige sat Rolf uvitande om tv-programmet som akkurat hadde gått på lufta. Rolf er fødd i Namsos, men har budd i Sverige i mange år.

I april ifjor fekk han ein telefon frå søskenbarnet sitt i Noreg, som sa ho hadde sett far hans på «Tore på sporet». Faren som han hadde leita etter heile livet.

– Når ein har leita etter familien i så mange år, blir det som ei tomheit. Men no når alt kom fram, var det som om ein siste puslebit fall på plass. Eg fekk ei form for ro i kroppen.

Etter at søskenbarnet varsla han om kva ho hadde sett på tv, så byrja ballen å rulle, og brørne fekk kontakt.

Og no, meir enn eitt år seinare, har halvbrørne Rolf og Ronny møtt kvarandre for fyrste gong.

Ikkje heilt ulike

Rolf fortel at det han var mest nervøs for før møtet, var at dei ikkje skulle ha noko å prate om, og ikkje gå overeins. Han fann fort ut at det ikkje var noko problem.

– Det kjennest bra. Det er ein god «feeling».

Rolf Tangen og Ronny Gurskevik

Ronny Gurskevik viser bror Rolf Tangen rundt i Ålesund, før dei skal besøke heimstaden til Ronny i Gursken.

Og dei er einige om at dei begge har arva noko frå den italienske faren sin.

– Du ser jo det, seier Ronny og tek seg til nasen. Og Rolf seier han allereie har fått tilbakemelding på at dei går på same måten.

Forstår ikkje alt han seier

Trass i at praten går i eitt, innrømmer Rolf at han ikkje alltid skjønar alt den sunnmørske broren seier.

– Eg kan jo norsk, men han har ei veldig spesiell dialekt.

Spesiell dialekt, seier Ronny spørjande. Sunnmørsdialekta er jo den finaste. Jau da, seier Rolf, og gir han ein broderleg neve i skuldra, men den er ikkje så lett å forstå.

Brørne Ronny og Rolf har møtt kvarandre for fyrste gong

Ronny og Rolf seier dei fann tonen med ein gong, og at det ikkje har vore noko problem å finne nok å prate om.

Heilt spesiell historie

NRK-programleiar Tore Strømøy seier historia om Ronny og Rolf er heilt spesiell. Berre ein gong tidlegare har det skjedd at nokon har funne eit familiemedlem gjennom å sjå på programmet.

Tore på sporet

Tore Strømøy seier at det kanskje ikkje var Ronny familien i England hadde høyrt om, men halvbroren Rolf frå Namsos.

Foto: NRK

Strømøy fortel at då han først snakka med familien til Ronny i England, sa dei at dei visste om Salvatore Rinaldi sin son i Noreg. Han hadde fortalt dei at han hadde fått ein son med ei norske kvinne. Både Strømøy og familien trudde det var Ronny dei snakka om.

– Men etter å ha høyrd Rolf si historie, ser eg at det var Rolf faren fortalde familien i England om. Med Rolf si historie passa alt.

Bror nummer to med namnet Ronny

Rolf fortel også at Ronny Gurskevik ikkje er den første broren hans med namn Ronny. Då Rolf var rundt 1,5 år flytta nemleg familien til Molde. Der vart mor hans gravid, og Rolf fekk veslebror Ronny.

– To brør med same namn, fødde det same året, på nabosjukehuset. Det er veldig spesielt. Når ein får vite slikt går det litt rundt i hovudet.

Reknar med det ikkje finst fleire

Frå før har Ronny møtt ei av halvsystrene deira, og snakka med fleire av dei fire syskena han og Rolf no deler.

– No reknar eg med at Rolf var den siste.

Han verkar som ein spesiell mann vår far, seier Rolf med glimt i auget. Og spør Ronny om han har fått nokon av desse genane frå han.

– Ingen kommentar, seier Ronny. Rolf smiler og seier det same.

Ronny Gurskevik og Rolf Tangen

Ronny og Rolf er einige om at dei må ha arva nasen til far sin. Men om dei liknar han på anna vis, vil dei ikkje kommentere.

– Eg trur vel ikkje at det vil dukke opp fleire sysken no. I så fall blir eg veldig overraska. Men eg tør ikkje å seie noko for sikkert, seier programleiar Tore Strømøy.

Sjå episoden av «Tore på sporet» som vart sendt på NRK i april 2020:

Ronny Gurskevik Tandbergs mor ville aldri fortelle sønnen hvem hans biologiske far er. Etter moras død vil Ronny prøve å finne han.

Ronny Gurskeviks mor ville aldri fortelje sonen kven hans biologiske far er. Etter moras død vil Ronny prøve å finne han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL