Hopp til innhold

Opnar skred-campingen i Tafjorden

4. april vart fleire campingvogner knust då Tafjord camping vart råka av steinskred. Onsdag sesongopnar drivarane den delen av campingplassen som ikkje blei råka av skredet.

Knust til pinneved av ras

Skadane var massive då fleire kampesteinar raste ned frå fjellsida i Tafjorden.

Foto: frode Berg / NRK

Oddfrid Tafjord

Campingeigar Oddfrid Tafjord er strålande glad for at folk gjer heilomvending, og kjem tilbake til anlegget.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

– Eg trur det kjem til å gå veldig bra. Vi har vore i kontakt med dei fleste som skal vere der inne, og dei er veldig gira på å kome.

– Dei seier dei er vante med ras frå distriktet vårt, og gler seg til ein fin sommar, seier camping-eigar, Oddfrid Tafjord.

Dermed er det duka for ferieidyll der kaoset herja 4. april.

For det er berre ein månad sidan at fleire store steinar rasa nedover fjellsida, og smadra fleire campingvogner.

Særleg vogna til Erik Stensønes vart totalskadd, og berre flaks gjorde at skredet kom på eit tidspunkt der ingen var til stades.

I kjølvatnet av hendinga, var det lenge usikkert om det var fare for nye skred ved campingplassen. For å vurdere stabiliteten i fjellsida monterte Åknes/Tafjord Beredskap ein bakkebasert radar (InSAR teknologi) dagen etter skredet.

Saka held fram under videoen

Se film fra skredområdet ved Tafjord camping

Mykje materielle skader etter skredet ved Tafjord camping. Sjå video her.

– Tek tryggleiken på alvor

10. april kom rapporten, som seier det er trygt å opphalde seg i området. No gjer fleire av gjestane som var lunkne til å kome tilbake, heilomvending.

Det gleder Oddfrid Tafjord, som forsikrar om at sikkerheita for gjestane er høgste prioritet.

– Vi vil ikkje at gjestane våre skal ha nokon ubehagelege opplevingar, og føler vi tek tryggleiken på alvor. Sjølve skredplassen og det nærliggande området er stengt av, seier Tafjord.

– Vi opplever at det sit langt inne å ta endeleg farvel med Tafjord camping, avsluttar ho.