Hopp til innhold

Open barnehage for born utan tilbod

Pinsekyrkja i Ålesund vil starte ein open barnehage to dagar i veka, som skal vere ein møteplass for born utan ordinær barnehageplass. Men Ålesund kommune vil ikke gi pengestøtte, fordi dei allereie har full barnehagedekning.

Aina Hatletvedt

Aina Hatletvedt vil fylle romma i kyrkja med små born.

Foto: Markus Plementas / NRK

Kjellaren på Pinsekyrkja Filadelfia i Ålesund har både gymsal, eige barneavdeling og mange rom som står ubrukte i vekedagane. Aina Hatletvedt er barneleiar i kyrkja og ho ynskjer å fylle romma med små born, og starte open barnehage.

Janne- Grete Havnegjerde

Janne- Grete Havnegjerde seier det er tryggast når mor er med i barnehagen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

- Dette skal vere ein barnehage der borna kan komme med foreldra sine når dei sjølve måtte ønskje. Her er det ikkje snakk om verken opptak eller ventelister.

I 2009 var det i underkant av 7000 born i Noreg som nytta open barnehage.

- Dette er ein type tilbod som er veldig mykje brukt med tanke på tilvenjing før borna tek til i barnehage.

Pinsekirka i Ålesund

Ubrukt rom i vekedagane.

Foto: Markus Plementas / NRK

Viktig for flyktningeborn

Kyrkja ser for seg at open barnehage også kan vere eit viktig tilbod for til dømes
flyktningfamiliar og kvinner og born som bur på krisesenter. Det trur også dagleg leiar ved krisesenteret for Sunnmøre, Janne- Grete Havnegjerde.

- For dei minste borna vil det oftast vere tryggast å vere saman med mor når dei har opplevd noko vanskeleg. Det at borna kan dra saman med mor til eit slikt tilbod kan vere fint for borna sin del.

Inga støtte frå kommunen

For å starte barnehage, må kyrkja tilsette ein pedagogisk leiar og assistentar. Men økonomisk støtte frå Ålesund kommune får dei ikkje. Spesialkonsulent i kommunen, Astrid Ous Larsen seier barnehagedekninga er god nok.

- Ålesund kommune har endeleg fått full barnehagedekning og vel så det. I år har vi faktisk ledige barnehageplassar i kommunen.

Pinsekirka i Ålesund

Pinsekirka Filadelfia i Ålesund.

Foto: Markus Plementas / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL