Ønskjer samtalar med Kristiansund

Ordføraren i Tingvoll, Milly Bente Nørsett (Ap), ønskjer samtalar med Kristiansund om eventuell samanslåing. Kristiansund har tatt intiativet til samtalar med nabokommunane, og i går sa kommunestyret i Averøy ja til samtalar. Kommunestyret i Tingvoll har ikkje tatt stilling til initiativet frå Kristiansund, men Nørsett er positiv. Nørsett seier ho vil skynde seg langsomt og meiner det er viktig å bruke tid på å gjennomføre gode samtalar.

Milly Bente Nørsett
Foto: Gunnar Sandvik / NRK