Hopp til innhold

Ønskjer kortare utdanning

Fiskerinæringa ønskjer er kortare fiskeriskipperutdanning. Dette fordi rekrutteringa vert stadig viktigare, og ny arbeidskraft må på plass.

Fiskeriutdanning

Fiskerinæringa ønskjer at dei komande skipperane som arbeider på fiskebåtar skal sleppe to lange år med utdanning.

Foto: Anne-Mari Flatset

Når båtane vert større, må fiskarane setje seg på skulebenken for å utvide sertifikatet sitt. Det betyr to år med utdanning. Til gjengjeld kan dei styre alle skip.

Skreddarsydd for fiskeflåten

Leiar i Nordmøre Fiskebåt og Nordmøre Notfiskarlag, Pål Farstad, meiner det er viktig å halde på den to-årige fagskuleutdanninga, og samstundes ha korte kurs retta mot fiskebåtar.

– Vi ønskjer å ha fleire ulike tilbod. Både fagskular slik det er i Ålesund og i Kristiansund i dag, og sjølvsagt utdanninga i den vidaregåande skulen. I samarbeid med næringa vert det også arbeidd for ein mellomting. Eit kortare studium som er skreddarsydd for fiskeflåten, seier Pål Farstad til NRK.

– Om ikkje vi får ny arbeidskraft inni den norske fiskeflåten dei neste åra, står vi overfor ei gigantisk utfordring, legg han til.

Vil ha høgt utdanna folk

Leiaren i Nordmøre Fiskebåt og Nordmøre Notfiskarlag ønskjer å få fleire høgt utdanna folk til fiskeflåten.

– Det er ikkje på alle båtar ein treng dei største sertifikata, og vi ønskjer at utdanningstilbodet skal vere tilpassa arbeidsmarknaden. Utdanninga må vere attraktiv for at folk vil gå på skule, så her må ein berre tilpasse seg, påpeikar Farstad.

Positive til spesialtilpassa utdanning

Jørgen Raknes, Hans Marius Farstad, Thomas Hammerø, Tim Roger Værø og Terje Bøe har minst to ting til felles. Dei utdannar seg ved Maritim Fagskole i Kristiansund, og har såkalla D5-sertifikat som er begrensa til mindre båtar.

Utdanning

Hans Marius Farstad, Thomas Hammerø, Tim Roger Værø og Terje Bøe.

Foto: Anne-Mari Flatset

– Vil dei som fiskeskipperar klare seg med ei kortare utdanning slik fiskerinæringa ønskjer? Kva med eit spesialtilpassa fiskeskipperkurs?

– Det hadde vore bra å få delt opp utdanninga i kurs. No går vi to år med skule for å ta heile utdanninga, men vi treng ikkje alt for arbeide på fiskebåt. Då hadde det vore betre om ein fekk tilpassa studieløpet sitt, meiner dei.

Høyr Jørgen Raknes, Hans Marius Farstad, Thomas Hammerø, Tim Roger Værø og Terje Bøe snakke om ei meir spesialtilpassa fiskeskipperutdanning.