Hopp til innhold

Omkom i luftsportsulykke i Rauma

Ein mann i 30-åra omkom etter ei speedglider-ulykke i Rauma i helga. Det melder politiet.

Det blei sett i gang ein aksjon seint laurdag kveld etter at ein mann blei skadd ved Kyrkjetaket i Rauma. Den skadde blei frakta til St. Olavs hospital i Trondheim.

No går politiet ut med at Marius Østby Haugen (35) frå Malmedalen i Hustadvika kommune har omkome som følge av ulykka. Dei pårørande er orientert om at politiet går ut med namnet på mannen.

Roar Mordal Hilde, politistasjonssjef i Rauma og Vestnes, seier at dei framleis jobbar med å etterforske saka.

– Vi har snakka med dei som var med han på tur og samla inn spor, men i har ikkje kome noko nærmare ein konklusjon. Det har skjedd ei ulykke i samband med utøving av luftsport som fekk eit tragisk utfall. Vi vil vidare prøve å avklare dei momenta vi kan for å finne ut kva det er som har skjedd.

Redningsaksjon ved fjellet Kyrkjetaket
Foto: Ottar Rydjord