Hopp til innhold

Speedrider skadd ved Kyrkjetaket i Rauma og basehoppar i ulykke ved Kjerag

Hovudredningssentralen har laurdag kveld henta ut to skadde etter luftsportsulykker i Rauma og ved Kjerag i Lysefjorden.

Ulykke i Rauma

Store styrkar har rykt ut til ulykka ved Kyrkjetaket laurdag.

Foto: Ottar Rydjord

Oppdatert: I den første versjonen av denne saka stod det at ein paraglider var skadd ved Kyrkjetaket i Rauma. Dette har seinare vist seg å vere ein speedglider.

Ein mann i 30-åra blei sendt til St. Olavs hospital etter at han skal ha blitt skadd i ei luftsportsulykke ved Kyrkjetaket i Rauma.

Mannen skal ha vore i eit turfølgje med to andre, og det var dei som varsla om ulykka.

Ein lege kom like før klokka 23 fram til personen og det blir no førebudd utflyging frå området.

– Når det gjeld Kyrkjetaket, så held dei akkurat no på å heise ut ein person som er skadd etter ei ulykke, sa Thomas Breivoll, vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge til NRK klokka 23.10.

Redningsaksjon ved fjellet Kyrkjetaket

Ein redningsaksjon gjekk føre seg ved fjellet Kyrkjetaket laurdag kveld.

Foto: Ottar Rydjord

Skal ha enda i fjellveggen

Like etter klokka 22.00 laurdag kom meldinga om at luftambulanse og redningshelikopter var på veg til Rauma etter ei luftsportsulykke.

– Innsatsleiar er på staden. Ein speedrider skal ha treft fjellet Kyrkjetaket, melde operasjonsleiar Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes i Møre og Romsdal politidistrikt i ei melding til pressa.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

Uklart skadeomfang

Tilstanden til paraglideren er ikkje kjend, men vedkommande vart floge til St. Olavs hospital i Trondheim.

Søndag morgon har politiet i Møre og Romsdal ikkje fått noko meir informasjon om skadeomfanget.

Kyrkjetaket (1439 moh.) er ein populær fjelltopp i Isfjorden i Rauma, og blir besøkt både sommar og vinter. Det har vore varmt og sol frå skyfri himmel laurdag, og det er framleis lyst i området.

Redningsaksjon ved Kyrkjetaket

Det er mange som deltek etter at ein paraglider gjekk i fjellveggen i Rauma laurdag.

Foto: Ottar Rydjord

Basehoppulykke ved Kjerag

HRS melder laurdag kveld at det samtidig var ein redningsaksjon ved Kjerag i Lysefjorden etter ei ulykke i samband med basehopping.

Redningshelikopter Sola heiste ut ein person, men skadeomfanget er ukjent.

Kyrkjetaket i Rauma er ein svært populær fjelltopp.