Hopp til innhold
Ålesund politistasjon
Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Omfattande overgrepssak

Oppsummert

Ein mann i 50-åra er dømd til 19 års fengsel for over 100 seksuelle overgrep mot utanlandske småjenter. Han blei også dømd for å ha forgripe seg mot elevar på skulebussen han køyrde. Saka blei anka heilt til Høgsterett, men avvist.

  • – Stor lettelse

    Bistandsadvokat Lilli Marie Brimi seier det er godt at saka no er avslutta. Ho har representert barnet som faren er dømd for å ha forgripe seg mot.

    – Det har vore ei stor belastning å vere fornærma i saka, det er berre ei stor lette å at saka er avslutta med dette resultatet, seier ho.

    Lilli Marie Brimi
    Foto: Kirsti Kringstad / NRK
  • Historisk overgrepsdom blir ståande

    Høgsterett vil ikkje behandle på nytt den omfattande overgrepssaka mot ein mann på Nordmøre i 50-åra. Dermed blir ein av noregshistorias strengaste dommar ståande. Mannen blei i mai dømd i tingretten til 19 års fengsel for over 100 overgrep mot filipinske småjenter. Han varsla umiddelbart at han ville anke, men anken blei forkasta først av lagmannsretten og no også av Høgsterett. Mannen har vedgått det meste av det han var skulda for, men nektar framleis for å ha forgripe seg mot sitt eige barn.

  • Ber om frifinning på fleire punkt

    Mannen sin forsvarar meiner mannen må frifinnast for fleire av tiltalepunkta i den store overgrepssaka. Han meiner det ikkje kan bevisast at han har gjort det politiet meiner. Forsvararen seier det heller ikkje fins bevis for at han har forgripe seg mot barnet sitt. Mannen har vedgått dei fleste tiltalepunkta.