Dømd til fengsel i 19 år for over 100 overgrep mot filippinske småjenter

Mannen sat heime og onanerte medan han filma direktesende overgrep mot filippinske småjenter. No er han dømd til fengsel i 19 år.

Utdrag frå chatten mellom den tiltalte mannen og mellommenn på Filippinene.

Chatten viser ifølgje politiet kommunikasjonen mellom den overgrepsdømde mannen og mellommenn på Filippinane.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Mannen i slutten av 50-åra er dømd til ein av noregshistorias strengaste dommar etter ei omfattande rettssak i Møre og Romsdal tingrett i vår. Han er funnen skuldig i å ha bestilt og betalt for over 100 direktesende overgrep mot filippinske småjenter, heilt ned i 3-års-alderen.

No slår retten fast at mannen skal dømmast til fengsel i 19 år for til saman 124 forhold.

Datamaskin

Framfor denne datamaskinen sat mannen i 50-åra og bestilte og filma overgrep, ifølgje politiet.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Kledd i fritidsbukse og t-skjorte tok han imot dommen i tingretten i dag ved å stort sett sjå ned i bordet. På fleire punkt under opplesinga av den 80 sider lange dommen rista mannen på hovudet og heva augebryna.

Retten slår i dommen fast at mannen var kommanderande og omsynslaus, og har utnytta den fattigdommen og nauda som barna har levd i.

Var på sporet etter han

I rettssaka som gjekk for Møre og Romsdal tingrett tidlegare i vår, kom det fram at politiet var på sporet av mannen to år tidlegare, men ikkje klarte å stoppe han. Dei fann berre litt av overgrepsmaterialet, som førte til ei ti månader lang fengselsstraff.

Ifølgje politiet viser bildet forholda som dei filippinske småjentene lever under.

Ifølgje politiet viser bildet forholda som dei filippinske småjentene levde under. Bildet skal vere tatt av ein av mellommennene og sendt til mannen i 50-åra.

Foto: Møre og Romsdal politidistrikt

I ettertid viste det seg at mannen heldt fram i stor stil i ettertid med bestilling av nye overgrep, og bad filippinske mellommenn om nye overgrep berre dagar etter at han slapp ut av fengsel. Ifylgje dommen medverka han til 27 nye overgrep etter soninga.

Den omfattande chatten som politiet la fram i retten viser korleis mannen bestilte det han ønskte å sjå.

– open pussy darling. i love to lick ur pussy

– i wish we cn fuck in real when we meet hunny

– laila cant still hon

– cuz she so young

Mange av forholda blir omtalt som grove valdtekter, og overgrepa kunne vare i meir enn ein halv time om gangen.

Det kjem også fram i dommen at fleire av jentene sov under overgrepa, andre måtte tisse medan mannen såg på. Overgrepa blei filma.

Nordmøre tingrett

Dommaren brukte nesten to timar på å lese opp den 80 sider lange dommen i Møre og Romsdal tingrett.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Dømd for overgrep mot skuleelev

Trebarnsfaren har vedgått store deler av overgrepa mot dei filippinske småjentene. Samtidig har han hardnakka nekta for overgrep mot eitt av sine eigne barn og mot to elevar på skulebussen han køyrde.

Forsvararen hans sa under rettssaka at desse tiltalepunkta ikkje var bevist, og bad retten sjå vekk frå dei.

Mannen er likevel dømd også for overgrep mot barnet sitt, og mot eitt av barna på skulebussen, men frifunnen for det andre forholdet på bussen. Retten meiner det er bevist utover ein kvar tvil at det som barna har fortalt, skjedde.

Utdrag frå chatten mellom den tiltalte mannen og mellommenn på Filippinene.

Chatten viser ifølgje politiet pengeoverføring på 418,40 kroner i kommunikasjonen mellom den overgrepsdømde mannen og mellommenn på Filippinane.

Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Mannen må betale barnet sitt 250 000 kroner i erstatning, og skuleeleven 25 000 kroner.

Betalt over 1 million kroner

Mannen brukte store summar på å betale for dei direktesende overgrepa. Politiet viste fram i retten bankutskrifter dei meinte viste at han overførte over ein million kroner til utlandet.

Sjølv forklarte mannen i retten at han gjerne ville hjelpe dei med pengar til mat og klede og at det var andre som tok initiativet til overgrepa av barn.

Tilfreds med dommen

Aktor Magne Nyborg seier dette er ei spesiell sak.

Magne Nyborg

Aktor Magne Nyborg seier dette er ei spesiell sak.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Dette er ein av dei strengaste dommane dei siste åra.

Han bad om 19 års fengsel då saka var oppe i tingretten i april og er tilfreds med dommen.

– Retten har også vurdert bevisa i saka som straffskjerpande på same måte som vi gjorde, seier han.

Anka dommen på staden

Mannen anka dommen på staden like etter at den var avsagt. Han meiner han ikkje er skuldig i overgrep mot barnet sitt eller overgrepa på bussen.

John Marius Dypvik

John Marius Dypvik er forsvarar i saka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Han erkjenner ikkje straffskuld for dei postane som er anka, og då er det heilt naturleg at ein ønskjer ny behandling, seier mannens forsvarar, John Marius Dypvik.

Han seier at dei var førebudd på at dette kunne bli resultatet, men meiner mannen burde ha fått meir strafferabatt for å ha tilstått.

– Eg er ikkje fornøgd når han blir dømd for ting han ikkje har erkjent straffskuld for. Dommen er grundig og ser ut til å vere nøyaktig, men vi skal vi lese nøye gjennom den og så får vi sjå, seier Dypvik.

Lei seg

Lilli Marie Brimi er bistandsadvokat for barnet hans. Brimi seier at fornærma er letta over å bli trudd og letta over å ha fått medhald i sitt erstatningskrav.

– Fornærma er svært lei seg over at saka er anka. Det er ei stor belastning, seier Brimi.