Hopp til innhold

Mann i 50-åra tiltalt for over 100 overgrep mot filippinske småjenter

Ein bussjåfør i 50-åra er tiltalt for bestilling av over 100 seksuelle overgrep mot filippinske småjenter. Han skal også ha forgripe seg mot elevar på skulebussen han køyrde.

Ålesund politistasjon

Politiet har etterforska saka mot bussjåføren i Møre og Romsdal, og han er no tiltalt for omfattande overgrep.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Mannen i 50-åra frå Møre og Romsdal er tiltalt for bestilling av massive seksuelle overgrep mot småjenter heilt ned i toårsalderen på Filippinane.

Politiet meiner mannen bestilte overgrep på Internett, og betalte for å sjå overgrep mot småjentene.

Mannen er også tiltalt for incest, som skal ha gått føre seg heilt frå hans eige barn var ti år gamal og i mange år framover.

– Det er ei veldig alvorleg sak, og den har også lova si høgste strafferamme på 21 års fengsel, seier statsadvokat Inger Myklebust.

Aktor Inger Myklebust

Statsadvokat Inger Myklebust seier dette er den mest omfattande saka av sitt slag i distriktet nokon gong. Mannen er tiltalt for bestilling av over 100 direktesende nettovergrep.

Foto: Frode Berg / NRK

Jenter heilt ned i 2-årsalderen

Politiet har beslaglagt omfattande videoopptak, men veit ikkje identiteten til jentene som blir vist fram nakne på filmane. Men politiet seier jentene ser ut for å vere heilt ned i 2-årsalder.

– Det er store mengder videoar og chattar, seier Myklebust.

Mannen skal ha instruert filippinske mellommenn til å forgripe seg mot jentene, og fått overgrepa direktesendt. Ifølgje tiltalen har politiet funne over 7 000 bilde og omlag 250 videoar frå åra mellom 2005 og 2020.

Overgrep på skulebussen

Mannen som er tiltalt i saka har vore bussjåfør, og er også tiltalt for å ha forgripe seg mot to elevar på bussen han køyrde. Dette skal ha skjedd når dei var åleine i bussen, då han skal ha stoppa køyretøyet og forgripe seg mot barna, som var seks og ti år gamle.

John Marius Dybvik

John Marius Dybvik er mannen sin forsvarar, og seier han nektar straffskuld for dei fysiske overgrepa, og delvis for nettovergrepa.

Foto: Øverbø Gjørtz AS

Ifølgje tiltalen skal bussjåføren ha køyrt ut på vegskuldra og parkert bussen slik at han ikkje var synleg for naboar.

– Han vedgår ikkje straffskuld for dei fysiske overgrepa, verken mot sitt eige barn eller ved skoleskyss. Men han vedgår delvis straffskuld for nettovergrepa, seier mannen sin forsvarar, John Marius Dybvik.

– Kva har mannen forklart om kvifor han har gjort dette?

– Det ønskjer eg ikkje å uttale meg om, men han har vore samarbeidsvillig med politiet, og vore i dagevis i avhøyr og forklart seg så godt han kunne, seier han.

Fem veker i retten

Mannen blei pågripen av politiet i fjor haust, og har vore varetektsfengsla sidan. Deler av tiltalen er tatt ut av riksadvokaten, og saka skal gå i retten i fem veker i april og mai.

Lilli Marie Brimi

Lilli Marie Brimi er bistandsadvokat for barnet til den overgrepstiltalte mannen. Ho seier saka er ei stor belastning for barnet.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

– Saka er ei stor belastning for barnet, som er delvis sjukmeld på grunn av saka, seier Lilli Marie Brimi, som er bistandsadvokat for det no vaksne barnet til mannen.

Statsadvokaten opplyser at dei har tipsa filippinsk politi om saka for å få stoppa overgrep mot jentene som er involvert.