Hopp til innhold

Omfattande omstillingar

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal, seier at både tilsette og bebuarar må førebu seg på samanslåingar og nedskjeringar ved alle dei fire sjukehusa i fylket. Helseføretaket har hatt store økonomiske underskot i fleire år. Gjennom omfattande omstillingar skal dei no snu underskot til overskot i løpet av få år. – Vi har planar om å bygge eit sjukehus på Hjelset, og vi har store vedlikehaldskostnadar ved fleire av sjukehusa. Det betyr at vi er nøydd til å gjere ting som får helseføretaket i balanse, seier Theodorsen.

Ingve Theodorsen
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL