Hopp til innhold

Olav Nils Sunde opnar pengeboka for AaFK

Finansmannen Olav Nils Sunde går inn med titals millionar kroner over ein treårsperiode i Aalesunds Fotballklubb. Summen kan aukast om lokalt næringsliv også aukar støtta til klubben.

Olav Nils Sunde

Olav Nils Sunde på kamp mellom Aalesund fotballklubb og Lillestrøm i 2015. Kampen gjekk på stadion som ber Sunde sitt reiarlag, Color Line, sitt namn.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

NRK oppdaterer.

Det er på Aalesund fotball sine nettsider at klubben melder om dette tysdag ettermiddag. Avtalen inneber mellom anna at Sunde aukar sitt bidrag til klubben i takt med aukande finansiell støtte frå lokalt næringsliv. På nettsidene sine kallar AaFK avtalen for ein «økonomisk superdeal».

Henrik Hoff

Henrik Hoff er avtroppande klubbdirektør i AaFK.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Dette er heilt fantastisk. Avtalen vil kunne gje AaFK eit titals millionar kroner over ein treårsperiode, seier klubbdirektør Henrik Hoff til aafk.no.

Supportarar kan påverke sluttsummen

Også privatpersonar kan påverke nivået som Olav Nils Sunde skal legge seg på. AaFK får dobbel betaling for alt sal av sesongkort som skjer frå no og fram mot sesongstart.

– Eg vonar at både næringslivet og privatpersonar tek dette som ei utfordring, og ser dette som eit gyllent høve til å støtte AaFK. Uansett kva dei går inn med vil eg bidra med ein tilsvarande sum innan dei begrensningane som ligg i totalpakken, seier Sunde til aafk.no.

Overraska supporterane

Leiinga i supporterklubben «Stormen» blei like overraska som alle andre som har fulgt med i utviklinga av AaFK. Dei følger dei fekk ein uventa opptur i dag.

Bjørn M. Mikkelsen

Bjørn M. Mikkelsen er leiar i supporterklubben Stormen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg blei veldig positivt overraska. Endeleg skjer det noko. Dette har vi venta på lenge. Det har vore negativitet i sponsormarknaden, lite pengar og underskot i klubben. Etter det vi høyrer er det no mykje pengar på veg inn i klubben. Og blir pengane nytta til det som skjer på banen kan entusiasmen stige igjen. Det blir heilt fantastisk, seier leiar i Stormen, Bjørn M. Mikkelsen.

– AaFK, Ålesund og Sunnmøre betyr mykje

Olav Nils Sunde eig ikkje berre reiarlaget Color Line. Han har også store interesser i sportskjeder, eit moteselskap og ein leverandør av flyteplagg og redningsvestar. Namna til fleire av desse selskapa kjem til å bli synlege på stadion i Ålesund.

– Eg er ingen fotballfanatikar. Men AaFK, Ålesund og Sunnmøre betyr noko spesielt for meg, og når eg har høve til det ønskjer eg å bidra til det beste for klubben, seier Sunde.

Ny spelar før sesongstart?

Ifølgje nettsidene til AaFK inneber avtalen at klubben har høve til å sikre seg nok ein ny spelar før sesongstart. Klubben har også hatt økonomiske utfordringar dei siste åra, og har gjennomført kutt for å spare pengar.

– Denne avtalen betyr enormt mykje for AaFK. Samstundes er det viktig å vere medvetne om kostnadene også i tida framover. Vi skal byggje ein robust klubbøkonomi, seier Henrik Hoff til aafk.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL