Hopp til innhold

Glad for at steinane ikkje traff bilar

I desember vart fjellsida på Nerustranda i Norddal vassbomba på grunn av rasfare. I dag tidleg gjekk det nytt ras. Oddfrid Tafjord prisar seg lukkeleg over ingen vart treft.

Steinskred i Tafjord

Då Oddfrid Tafjord køyrde heim frå nattevakt i dag tidleg var vegen full av steinar og tre. Vegvesenet har no rydda opp.

Foto: Oddfrid Tafjord

I dag tidleg var Oddfrid Tafjord på veg heim til Fjørå frå nattevakt. Plutseleg såg ho at det var mykje stein og tre i vegbana på ein stad der ho ikkje venta at det skulle rase. Folket i bygda er slett ikkje ukjende med steinsprang, men det er andre stader med brattare fjellsider dei fryktar meir enn dette. Sjølv har Tafjord sett på dette området som uskuldig.

– Eg slakka på farta når eg nærma meg og såg at omfanget var større enn eg trudde, fortel Oddfrid Tafjord.

LES OGSÅ:

Glad bilar ikkje vart trefte

Ho klarte å køyre sikksakk forbi steinar og hol i vegbana. I skogen ovanfor vegen låg trea knekt. Ho køyrde forbi raset og fekk varsla vegvesenet. Ikkje før seinare då ho prata med dottera, tenkte ho at det kunne ha vore farleg.

– Vi må vere glade for at steinane ikkje trefte bilar, seier Tafjord.

Blir aldri heilt sikkert

Oddfrid Tafjord

Oddfrid Tafjord er vand med rasfare, men skulle ynskt at vegvesenet sikra fjellet betre.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Også i desember gjekk det eit større ras i same område 200 meter over vegbana. Den gong vart skråinga bomba med vatn for å få ned lause steinar. I dag var det fleire mindre steinblokker på rundt to tonn som ramla ned i vegbana. Ei steinblokk på ca. 10 tonn ligg att i grøfta.

– Dette er eit rasutsett område og no er det så trygt å ferdast her som vi får til utan å gå langt opp i fjellsida og sikre fjellet, seier Kjell Haukeberg. Han er sjefingeniør i Statens vegvesen.

Må innbyggjarane leve med rasfare?

– Ein viss risiko må dei nok leve med under slike fjellparti. Vi held fjellet under oppsikt. Dersom det blir større bevegelse i fjellet. må vi gjere tiltak. Under slike forhold kan vi aldri garantere hundre prosent, seier Haukeberg.

For lettvint

Oddfrid Tafjord meiner at det er for lettvint for Statens vegvesen å seie at vegen aldri kan bli heilt rassikker. Ho meiner at med dagens teknologi må det gå an sikre fjellet betre.

– Dette er trass alt andre gongen det rasar og vegvesenet må vere glad at ingen bilar eller personar har vore involverte. Dei må ikkje tøye strikken så langt at det skjer, seier Tafjord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL