Hopp til innhold

Nytt sjukehus viktigast

Det viser innbyggerundersøking i Molde.

Molde sjukehus

Fortgang i bygginga av nye Molde sjukehus er viktigast for folk i Molde viser undersøking.

Foto: Arkiv / NRK

Det er Sentio som har utført undersøkinga for Molde kommune.

På spørsmål om innbyggarane føler seg trygge på at dei vil få forsvarleg behandling med dagens sjukehustilbod viser undersøkinga eit score på 50.

Det er eit resultat midt på treet og noko dårlegare enn landet forøvrig.

Jan Petter Hammerø

Moldeordførar Jan Petter Hammerø (H) vil ta tak i misnøya rundt sjukehuset.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Dette er alvorleg, seier ordførar Jan Petter Hammerø (H).

Nytt sjukehus

40 prosent av dei spurde svarte på undersøkinga som Molde kommune satte i gang for å finne ut kva innbyggarane synest om kommunen.

Og tilbakemldinga var klar: viktigast for moldensarane er det nye sjukehuset.

- Vi kjem til å ta kontakt mot helseforetaket for å finne ut korleis dei tolker dette og korleis vi kan sjå på det, seier Hammerø.

- Innbyggarane våre meiner at det gamle sjukehuset vårt er modent for å flytte ut av og at vi må jobbe hardt for å få gjennomført bygginga som er planlagt.

Trivst i Molde

På andre spørsmål som kommersielle tilbod og bustadsområde er mange godt nøgd med tilhøva i Molde kommune.

- Stort sett har folk eit godt inntrykk av Molde, seier Hammerø.

Undersøkinga viser at mange er nøgd med bustadsområda, men på spørsmål om nye, attraktive område er tilbakemeldingane færre.

- Folk er nøgd med korleis byen ser ut, men i mindre grad tilfreds med uteliv, resturatanter, barar og kafear.

På spørsmål om fornøyelsestilbud som kino og bowling, får Molde kommune karakteren meget bra.

- Vi jobber med ein kommuneplan og vil bruke desse opplysningane i stor grad, seier Hammerø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL