Hopp til innhold

Nysatsing frå Ulsteingruppa

Ulstein Power & Control i Ulsteingruppa har utvikla eit system som samlar datatrafikk på ei plattform om bord i skip. Systemet er tilpassa bruk til alle skip og konsernet har brukt tre og eit halvt år på å utvikle det.

Ulstein X-connect
Foto: peshkova - Fotolia

Dagleg leiar i Ulstein Power & Control, Gunnar Hide, seier dei første kontraktane alt er på plass. Han håper og trur at kontraktane vil kome for fullt no når systemet er på plass.

Dei første kontraktane er for øvrig allereie på plass, seier Hide.

–Heile 13 slepebåtar får no installert alarm- og overvakingssystemet ULSTEIN AMS frå Ulstein Power & Control AS. Kontrakten er skriven med USA-baserte MT. Systema er baserte på ULSTEIN X-CONNECT™, fortel Hide

– Vi har vidareutvikla dei maritime alarm- og automasjonssystema våre slik at dei kan handtere den digitale generasjonen, og har basert desse på den nye plattforma ULSTEIN X-CONNECT®, seier Hide i Ulstein Power & Control.

Tryggare operasjonar

Dei tretten slepebåtane er teikna av Damen og vert bygde i USA på verft eigde av Edison Chouest Offshore. Båtane er designa for tunge fortøyingsoppdrag og som følgjebåt i samband med oppdrag vunne i Texas og Alaska.

Marine Technologies LLC (MT) har hovudkontor i Mandeville, Louisiana, med kontor i Noreg og Brasil.

Tre og eit halvt år har konsernet altså brukt på å utvikle X-CONNECT. Til dette er det brukt både interne og eksterne folk.

Gunnar Hide

Gunnar Hide er dagleg leiar i Ulstein Power & Control

Foto: Arne Flatin / NRK

–Når det er brukt så mykje tid og ressursar på å utvikle dette systemet er det avgjerande at det vert tent pengar på det i neste runde, seier Hide.

Undervegs i prosessen har ein feila og Hide seier han ikkje har vore heilt sikker på at dei skulle kome i mål, men no har dei alt på plass.

System for framtida

Den digitale utviklinga går i svært høgt tempo. Likevel er Gunnar Hide og Ulsteingruppa trygg på at dette er eit system som også kan brukast om nokre år. Systemet kjem til å verte fulgt opp og halde ved like fortløpande

I følgje Ulsteinkonsernet vil i første omgang vert desse fire produkta verte lanserte og bygde på ULSTEIN X-CONNECT™:

ULSTEIN IAS, ULSTEIN AMS (alarm, kontroll og overvåkingssystem)

ULSTEIN PMS og ULSTEIN EMS (kraft- og energistyringssystem)

Etter kvart vil alle systema frå Ulstein Power & Control verte bygde slik, opplyser konsernet.

Ulstein sitt X-Connect
Foto: Ulstein Group

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL