– Nynorsken vert ikkje brukt nok

– Nynorsken vert ikkje brukt nok i kommunane, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård. Mållaget krev at kommunane set større fokus på språk.

Nei til nynorsk

Mange kommuner forsømer nynorsken, og brukar heller bokmål.

Foto: Scanpix

Noregs Mållag meiner at kommunalt tilsette bør bli mykje flinkare til å tenke på språket dei brukar.

– Problemet er ikkje talet på nynorskkommunar. Men at dei kommunane som brukar målforma tillét at staten sender ut informasjon på bokmål utan at dei klagar. Det undergrev regimet om å ha nynorsk- og bokmålskommunar, seier leiaren i mållaget, Håvard Øvregård.

Språkstatus

Håvard Øvregård

Leiaren i Noregs Mållag meiner at ein må sjå mykje nynorsk for å lære det.

Foto: Kjartan Helleve

Øvregård meiner også at viss all informasjon ein får er på bokmål, vil det gjere at nynorsk vert mindre verdt enn språkrivalen.

– Det handlar om folk sin språkkunnskap. For både born og unge er det viktig at dei ser mykje nynorsk for å kunne språket sitt godt. Det handlar om kva slags status ein opplever at språket har, seier Øvregård.

Det å vere ei nynorsk kommune vil seie at dei set krav til staten om at all informasjon vert sent på nynorsk. Dette er ikkje alltid tilfelle.

Til dømes i Møre og Romsdal er 23 av 36 kommunar nynorskkommunar, men ikkje alle er like flinke til å bruke målforma.

Lite nynorsk i norske kommunar

I Noreg er det 114 av 430 kommunar som har nynorsk som hovudmålform. I 2007 hadde 27 prosent av kommunane vedteke å bruke nynorsk som språk.

Hordaland er innehavarar av flest nynorske kommunar, men Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ligg rett bak. Mange kommunar i Noreg brukar ikkje målforma i det heile tatt.

Nils Ulvund i Nordmøre mållag opplever og at språk blir nedprioritert i kommunane.

– I praksis så har ikkje kommunane mogelegheit til å prioritere språkspørsmålet. Dei vedtek politikk og legg planar på alle område, men innanfor språkkulturen forsømmer dei seg, seier Ulvund.

På Nordmøre er 9 av dei 11 kommunane nøytrale i språkspørsmålet, men der ser Ulvund ein aktiv bruk av bokmål. Dette er blant anna fordi dei tilsette ikkje vert oppfordra til å nytte det.

Nynorsk

Oppfrisking i nynorsken skal gjere målforma enklare å bruke.

Foto: Flickr

Tungvint språk

Fleire meiner at nynorsk er tungvint og komplisert, og at det er enklare å bruke bokmål i staden.

Surnadal, som er den einaste nynorskkommunen på Nordmøre , har bestemt seg for å arrangere eit oppfriskingskurs i nynorsk, fortel assisterande rådmann, Gunhild Eidsli.

– Det å skrive godt nynorsk kan vere ei utfordring for mange. Derfor har vi godt av ei oppfrisking, både når det gjeld setningsoppbygging og rett og slett det å skrive eit godt og flytande språk, seier den assisterande rådmannen.

Siste video/lyd

Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.
Utdanninga for fagarbeidarane i maritim industri kan bli endra. Ei fersk masteroppgåve konkluderer blant anna med at ein må sjå på heile utdanningsløpet - og at haldninga til yrkesfaga må bli betre.