Hopp til innhold

Ny skipsdesign for bølgjebryting

Rolls-Royce har sikra sin første kontrakt for levering av eit offshorefartøy med ny type design spesielt berekna for å skjere gjennom bølgjene i svært tøffe vertilhøve.

Video Skipsdesign

Utforminga av skroget har ei form som er prøvd på hurtiggåande katamaranbåtar. Rolls-Royce vidarefører no erfaringane derifrå og over i offshoremarknaden.

- Vår nye design er spesielt utvikla for å takle dei utfordrande forholda som kundane våre opererer i, seier designsjef i Rolls-Royce, Svein Kleven.

-Utforminga har også store fordelar for tryggleiken og miljøet, seier han.

Utforma i modelltank

Offshorefarty bestilt av Farstad Shipping
Foto: Illustrasjon: Rolls Royce Marine

Omfattande forskning og innovative metodar for utforming ved bruk av testar i modelltankar har gjort det mogleg å redusere motstanden i skroget betydeleg.

Teknologien hindrar slag mot skroget i grov sjø og gjer gangen meir behageleg. Skroget skjer gjennom vatnet i staden for å ri på toppen av bølgjene, noko som gjer at fartøyet kan opererer med jamn fart.

- Dette reduserer drivstofforbruket og betrar tryggleiken og komforten for mannskapet, seier Svein Kleven.

- Kan spare 20 prosent

Ulstein Design årets norske gasell

Milliarkontrakt

Kontrakten er ein del av ein større kontrakt på i alt fire forsyningsskip som er inngått mellom Farstad Shipping og STX OSV.

Det eine skipet skal byggast på Langsten og to andre ved verftet i Vietnam. Det fjerde skipet med den nye utforminga til Rolls-Royce og skal byggast ved Langsten.

Kontaktane har ein samla verdi på 1,3 milliardar kroner og skal leverast i 2012 og 2013.

Torstein Staveng

Torstein Stavseng i Farstad Shipping seier dei ikkje finne passande farty i marknaden og må bygge nytt.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Dette er ei langsiktig satsing som gjer oss konkurransedyktig, seier fiansdirektør i Farstad Shipping, Torstein Stavseng.

- Ser vi bakover så har vi hatt relativt gode år, vi har samla opp pengar og har ikkje bestilt båtar sidan 2006. Dermed har vi ein pengebinge vi no kan begynne å bruke av, seier Stavseng.

Unge skipsdesignarar