NRK Meny

Ny runde for Island Offshore

Reiarlaget Island Offshore i Ulstein må gjennom ei ny runde med restrukturering. Det går fram av ei børsmelding. Dette er tredje runde med restrukturering, og viser at det som er gjort til no ikkje har fungert, skriv E24. Island Offshore har starta diskusjonar med interessentane, og så lenge dei pågår blir det ikkje betalt avdrag på den sikra gjelda.