Hopp til innhold

Ny bok om krigsseglarborna: – Vakna ofte av at faren hylte og skreik

Ålesundaren Frode Tafjord fortel i ei ny bok om det vanskeleg livet som son til ein krigsseglar. Sjølv lengta han etter nokon å snakke med.

Frode Tafjord
Foto: Maria Kristina Vevang

Onsdag blir den nye boka "Krigsseilernes barn" lansert. Ålesundaren Frode Tafjord er ein av dei som fortel til forfattar Oddvar Schjølberg korleis det var å vekse opp med ein far som hadde store vanskar på grunn av det han hadde opplevd på sjøen.

Meir enn ei natt vakna vi av at han hylte og skreik i søvne, fortel Tafjord i boka. Han skildrar korleis faren drøymde om det han hadde opplevd, for deretter å sprette opp i giv akt og synge nasjonalsongen.

Les også:

Reiste til sjøs som 15-åring

Faren, Arne Perry Tafjord, reiste til sjøs som 15-åring, og var berre 17 år då krigen braut ut. Og det han opplevde dei neste to åra merka han for livet. Ifølgje sonen begynte han å drikke for å døyve smertene.

– Opplevingane sit meisla fast, og det var mykje fortviling for oss borna når vi opplevde konfliktar mellom foreldra våre.

Les også:

Taus om opplevingane sine

Frode Tafjord fortel i boka om at faren hans var taus om det som skjedde under krigen, slik mange andre. Likevel kunne han lirke ut historier når faren hadde drukke. Dei var så fæle at guten sjølv fekk søvnproblem, slik som faren.

– Under heile oppveksten skulle eg gjerne hatt nokon vaksne å snakke med, nokon utanforståande som eg kunne dele problema med, seier han.

Fekk bruk for erfaringane sine

Tafjord meiner opplevingane han hadde i barndommen gav han mange dyrekjøpte erfaringar, som han fekk bruk for. Dottera Camilla døydde i ein overdose i 2007, og faren har i ettertid engasjert seg sterkt mot rusbruk.

– Samfunnet forstod ikkje den vanskelege situasjonen til krigsseglarane. Slik er det også med det store rusproblemet som Noreg har, seier han i den nye boka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL