Hopp til innhold

Opning og overrasking for Blå Kors

Blå Kors Ung opna i dag i nye lokale i Ålesund sentrum. Der skal dei tilby eit unikt tilbod for unge i Ålesundsområdet. Under opninga blei Blå Kors også overraska med «Bry deg prisen 2014».

Blå Kors opning

OPNING: Blå Kors Ung opna i dag i nye lokale i Ålesund sentrum, og skal vere ei tilbod

Foto: silje bjerknes / Nrk

Blå Kors får bry seg prisen 2014

PRIS: Blå Kors fekk i dag Bry deg prisen 2014 for sitt arbeid.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Camilla Tafjord Stiftelse delar kvart år ut Bry Seg Prisen til den som bryr seg om samfunnet i Ålesund.

Kriterium for prisen er stort engasjement i rusomsorgen og førebyggjande arbeid for ungdommar. Frode Tafjord i Camilla Tafjord Stiftelse, fortel at Blå Kors får prisen for det viktige arbeidet dei har gjort i ei årerekke.

– Dei har vore ei trygg hand for dei som sårt treng det. I tillegg har dei no sett i gong dette tilbodet i Ålesund. Det er så viktig i dag med førebyggande arbeid, og at ungdom har trygge plassar å vere, seier Tafjord.

– Det er med stor glede at vi kan tildele dei årets pris, held han fram.

Viktig førebyggande tiltak

Tafjord meiner det har vore mangel på slike tilbod i Ålesund.

– Det er for lite av engasjement og opplysingsarbeid der ungdom får lære å takle dei problema som dei møter i kvardagen. Det er utruleg mykje flott ungdom i dag, men det er utruleg mange fallgruver å gå i. Døra inn til rus og problem har mange handtak, og difor er engasjementet som Blå Kors viser så flott, seier han.

Frode Hessen

Frode Hessen fortel at Blå Kors Ung skal vere eit tilbod for alle.

Foto: silje bjerknes / nrk

Blå Kors Ung skal vere eit tilbod retta mot barn og ungdom i aldersgruppa 0–25 år, med eit hovudfokus på ungdom frå 12–16 år. Hensikta er å få ungdom til å utsette debuten av rus lengst mogleg ved å tilby meiningsfylte aktivitetar og jobbe førebyggande.

– Det er viktig å få ut at dette skal vere eit tilbod for alle uansett bakgrunn. Det er ikkje berre for dei som har vanskar, men det er eit aktivitetstilbod som skal gi dei unge eit alternativ, seier Frode Hessen, dagleg leiar i Blå Kors.

Han fortel at dei vart svært glad for prisen.

– Det er utruleg kjekt å få ein slik pris for det arbeidet vi har gjort. No håpar eg at ungdomane vil nytte seg av dette tilbodet, seier Hessen.

Ungdomane skal bestemme

Aktivitetane skal ungdomane sjølv vere med på å planlegge og gjennomføre. På den måten håper Blå Kors å motivere ungdomen til å delta. Det skal vere grupper for dans, svømming, klatring, fjellfurer, mat/kafe, opplæring mm.

– Det vil vere opp til ungdomane som nyttar seg av tilbodet kva dei ulike aktivitetane skal vere. Gruppene kan bli endra alt etter kva interessene til dei unge er, seier Catherine Bradley Hessen, leiar for dei frivillige i Blå Kors Ung.

Tilbodet skal drivast på frivillig basis og har i dag om lag 30 frivillige. Målet er sjølvsagt å auke dette talet.

– Vi treng framleis fleire frivillige, så vi oppmodar fleire til på melde seg, seier frivilligleiaren.

Gode krefter

Politibetjent Arild Helland

Politibetjent Arild Helland tykkjer det er flott at Blå Kors har greidd å oppretta ei slikt tilbod for unge.

Foto: silje bjerknes / nrk

Politibetjent Arild Helland, ved førebyggjande avsnitt, var ein av dei mange som hadde møtt opp på opninga i dag. Han tykkjer det er flott at Blå Kors har greidd å oppretta ei slikt tilbod for ungdom i Ålesund.

– Dette kan vere eit tilbod for dei ungdomane som ikkje blir omfatta av dei tradisjonelle fritidsaktivitetane og som kanskje dett litt mellom stolane. Dette er eit eksempel på korleis gode krefter blir synlege i byen vår, seier Helland.

Han meiner eit slikt tilbod er viktig for å fange opp dei ungdomane som har det vanskeleg i kvardagen.

– Unge i dag møter mange utfordringar i forhold til det å skulle prestere heile tida og kanskje ikkje klarer det. Så har vi dei som får speleavhengnad, dei som blir introdusert for rus i tidleg alder og dei som slit med psykiske problem, seier Helland.

– Men det er også ei tilbod for dei som ikkje har problem, og kan vere ein god arena for å knytte nettverk, held han fram.