Hopp til innhold

Norwegian tilbake

Norwegian er tilbake i trafikk på Vigra. Fyrste fly landa i kveld.

Norwegian

Norwegian tilbake på Vigra. Fyrste landing skjedde onsdag kveld.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Knut Støbakk
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Vi vil få mykje høgare frekvens til Oslo over flyplassen her, og vi får eit lavprisselskap som folk kan nytte, så dette vil bety mykje for dei reisande over Vigra, seier Giske-ordførar Knut Støbakk.

- Spesielt no i fyrste omgang, legg han til.

Norwegian har også tidlegare vore på Vigra, men la ned etter om lag eit års drift i 2004. Denne gangen blir det tre avgangar dagleg frå Ålesund til Oslo.

Bjørn Kjos: - Vi var for "grøne"

SAS blir utfordra: Dumper prisen fra Vigra

Tor Hånde
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Trur det blir varig

- Det er veldig positivt at vi no har to veldig gode flyselskap som konkurrerar til beste for kundane og for utviklinga av flyplassen, seier lufthamnsjef Tor Hånde.

Han håper at tilbodet vil vare lenger enn det gjorde sist Norwegian var på Vigra.

Tre daglege ruter med Norwegian: Norwegian på Vigra til hausten

Fyrste Norwegian-passasjer frå Vigra

Fyrste Norwegian-fly frå Vigra tok av like etter det kom frå Oslo.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Må bruke begge

- Eg trur Norwegian er eit heilt anna selskap no enn dei var for fire år sidan, seier Hånde.

- No trur eg dette blir eit varig tilbod, men det er klart at folk no må bruke både Norwegian og SAS, syns sjefen på Vigra.

Så gjenstår det å sjå om dei to selskapa greier seg i konkurransen denne gongen.

Norwegian

Kan Norwegian vare på Vigra denne gongen? Inntil vidare blir det tre avgangar dagleg på ruta Oslo-Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK